Bano-Gruppen

Nyheiter

10 gode grunnar til å jobbe i Bano-Gruppen

Når Bano-Gruppen skal erobre Europa, kan du vere med på laget. I pausa blir det Kahoot.

Kva er det mest spennande som skjer i Bano-Gruppen akkurat no?

Vi skal ut og erobre Europa og er på jakt etter mange nye kollegaer som kan bli med oss på eventyret. Vi har ei spennande tid i vente med vekst og utvikling.

Kva er det mest attraktive med å jobbe i Bano-Gruppen?

Det må vere det sosiale arbeidsmiljøet vårt. Vi er ein organisasjon med relativt ung gjennomsnittsalder, samtidig som vi er ein organisasjon med mangfald, og det gjenspeglar seg i kulturen vår.

Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?

Eit eldorado av moglegheiter! Vi skal vekse og vi skal inn på den internasjonale marknaden. Dei som er flinke til å gripe moglegheiter, vil fort oppdage at vi kan by på mange!

Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:

  • Samhald,
  • I nye fine lokale
  • Med ein koseleg kaffikrok.
Ledig jobb Bano

Kva er Bano-Gruppen sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?

Bevisstgjering kring kvalitet og riktig materialval. Vi er stolte av å vere initiativtakaren til NCMT, Norwegian Circular Materials Tecnology, ei næringsklynge som skal arbeide for utvikling av innovative, marknadsretta og bærekraftige materialløysningar innan polymer og kompositt.

Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?

Vi er ein initiativtakar og viser fram gode eksempel frå eiga verksemd, som blant anna arbeidet vårt med NCMT eller mangfald i arbeidslivet.

Kor tid kokar det hos Bano-Gruppen?

Når heile Bano-Gruppen er samla for Kahoot. Då kjem konkurranseinstinktet vårt fram!

Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos Bano-Gruppen?

Vi set pris på alle søkarane, men dei som utmerkar seg er nok dei med relevant bakgrunn i kombinasjon med tilknyting eller genuin interesse for det fylket vårt har å by på.

Kven set spor på intervju?

Dei med lidenskap for fagområda sine.

Vis med eit bilde at det er godt å jobbe i Bano-Gruppen utan å seie det:

BANO Sandane

Finn jobb i Bano-Gruppen

Bli trainee