Jobb i Airlift

Nyheiter

10 gode grunnar til å jobbe i Airlift

Airlift har eit heilt unikt samhald mellom kollegaer og tilbyr ein meiningsfylt og verdiskapande jobb.

I spalta «10 gode grunnar» tek vi ein sommarprat med kule bedrifter i Vestland. Først ut er Sunnfjord.

Kva er det mest spennande som skjer i Airlift akkurat no?

Kvardagen i Airlift er spennande og med stor variasjon i oppdraga. Mellom anna er vi fleire gongar i året på oppdrag i polare strøk. Akkurat no jobbar vi med oppdrag både i Qatar, India og USA. Den breie erfaringa og kompetansen vi har i Airlift gir oss tilgang til nye, spennande oppdrag. I sommar har vi fått inn fleire engasjerte nye lastemenn som skal bidra inn i høgsesongen og startar læretida si i Airlift. Samtidig er det lastemenn som no får realisere draumen om å fly meir. Det er få som sluttar hos oss, så det er veldig kjekt når nye får sjansen.

Kva er mest attraktivt med å jobbe i Airlift?

Airlift står for høg kvalitet og har høgt kompetente medarbeidarar som tiltrekker folk i og til bransjen. Det breie spekteret og allsidigheit i oppdrag gir variasjon og opplevingar.

Jobb i Airlift


Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?

Ein variert kvardag og heile tida noko å strekke seg etter. Vi tilbyr læring og utvikling og er ein fleksibel organisasjon med mange moglegheiter for dei rette. Vi brukar mykje ressursar på trening og kompetanse og tilbyr gode vilkår.

Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:


Vi er avhengige av å fungere saman i et komplekst samspel der alle brikker er like viktige. Det er eit svært godt samhald og samarbeid mellom kollegaer. Fullt fokus og samarbeid i alle ledd gjev oss den gode kjensla av godt lagarbeid. Kundane set pris på arbeidet vi gjer og arbeidet er viktig også for samfunnet, og det gjer at det kjennes meiningsfylt og verdiskapande.

Kva er Airlift sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?

Mange tenker kanskje på helikopter som ein miljøsyndar, men Airlift har ein svært effektiv operasjon og er eit sporlaust alternativ samanlikna med andre anleggsmaskiner som kan skape varige spor i naturen. Vi er opptatt av det grøne skifte og er langt framme i utviklinga av droneløysingar.

Airlift

Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?


Airlift er ein samfunnskritisk aktør. Vi bidrar inn mot forsvar, politi, ved brann, samt viktig infrastruktur, straumlinje, kraftverk og telecom. Vi jobbar også med utvikling av ny teknologi og logistikkløysingar som skal vere verdiskapande for samfunnet og for kunde. Eit viktig prosjektet i dette arbeidet er sikker frakt av blodprøver for helsevesenet ved hjelp av ubemanna drone.

Kor tid kokar det hos Airlift?

I høgsesogen frå april til oktober kokar det bra og det trivast vi med. Og så kan vi vel seie at det kokar ved ulike hendingar der vi må komme raskt på plass eks i brann og andre kritiske oppdrag men det har vi god trening i.

Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos Airlift?

Vi legg vekt på luftfartsinteresse i kombinasjon med personlege eigenskapar som passar inn og kan bidra til å styrke det gode arbeidsmiljøet. Vi ønsker oss personar som er endringsvillige og nytenkande og som vil bidra til utviklinga av morgondagens Airlift. Våre medarbeidarar er gode ambassadørar for kvaliteten, kompetanse og det viktige sikkerheitsarbeidet.

Kven set spor på intervju?
Dei som brenne litt ekstra for dei verdiane som Airlift står for i helikopterbransjen. Vi har mange som er veldig bevisste på at det er akkurat Airlift dei identifiserer seg med og vil jobbe for.

Vis med eit bilde at det er godt å jobbe i Airlift utan å seie det :

Kollegaer i Airlift
Jobb i Airlift