Ynskjer du jobbe globalt, men bu lokalt?

Skriven 15.02.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Med berre 2800 innbyggjarar i Vik, er det lite som talar for at Highsoft frå bygda skal vere i spissen innan sin nisje i verda. Likevel skal dei no bli bli enda større!

Emil Saue frå Stord forelska seg i Sognefjorden etter to år i Sogndal. No er han trainee innan sal hos bedrifta som held til i dei vakre verdsarvområda.

Grafar i vêret

– Enkelt forklart, kan du seie at vi lagar ei verktøykasse med grafar. Kundane betaler for å bruke grafane, som passar inn i alle datasystem, forklarar Emil.

Rogalendingen jobbar med sal, men har fått innsikt i kva dei andre avdelingane jobbar med. Dette er også noko han trekk fram som eit positivt moment med arbeidsstaden. Då dei får moglegheita til å samarbeide på tvers av fagfelt og avdelingar.

Hyllar arbeidsmiljøet

I det intervjuet kjem innom arbeidsmiljø, kviknar Emil til og skryter av stemninga innanfor veggane på kontoret.– Vi er eit ganske ungt miljø, med mange likesinna folk. Eg vil seie vi er eit samarbeidsorientert miljø med åpen kommunikasjon. Som nemnd tidlegare samarbeider vi på tvers av avdelingane, og vi jobbar aldri berre for oss sjølv; Vi jobbar for å gjere kvarandre betre, fortel han.

Trivelsselskapet

For Emil og dei andre Highsoftarane er ikkje arbeidslivet og fritida som på andre stader. Den unge traineen belyser at dei har eit avslappa miljø med daglege aktivitetar som yoga og turgåing. Vidare fortel han om fleksitid som også ei veldig fin ordning på arbeidsstaden.

– Det er også slik at Vik ikkje er noko storby. Her brukar du ikkje tida di på å sitte inne på kafé og prate med venner. Her må du finne andre aktivitetar for å trivast, forklarar han.

Meget+ på marknaden

Stord-mannen er uansett glad over fokuset på trivsel i Highsoft. Han engstar seg ikkje over mangel på urbant liv i Vik. Med internasjonale sal over heile verda, er ikkje vegen frå bygda i Sogn til omverda stor.

– Omtrent halvparten av marknaden vi har er i USA. Medan kun 1 % er i Norge. Vi er ein av dei største i vår lille nisje, og gjer det ganske bra der.

…men det er ikkje slutt endå

No er nemleg bedrifta frå Sogn på jakt etter fleire flinke hovud.

I Highsoft kan du også bli ein del av Framtidsfylket trainee. Søknadsfrist 1. mars

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.