Westcon har fem ledige stillingar: – Hos oss blir du sett

Skriven 04.11.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

På Westcon Yards i Florø går ein ikkje lei av for lite varierte arbeidsoppgåver. Der er nemleg ingen dagar like.

– Noko av det kjekkaste hos oss i Westcon er variasjonen på alt vi driver med. Vi jobbar prosjektbasert, og då handlar det om å få alle faggruppene til å fungere saman. Det er lagarbeid heile vegen, seier Ida Margrete Ryssdal.

Ho har jobba som HR-leiar i Westcon sidan januar i år, og trivast godt svært godt på arbeidsplassen.

– Kvar morgon gler eg meg til å treffe igjen kjekke kollegaer. Vi har eit forholdsvis ungt arbeidsmiljø, med ein god miks mellom yngre og meir erfarne kollegaer. Det skapar ein god dynamikk, og vi har det fint og kjekt saman.

Stolt medarbeidar: Ida Margrete Ryssdal seier at det er kjekt å kunne representere ein arbeidsgjevar som tek vare på sine tilsette. Foto: Privat

Veit ikkje kva som ventar

Vidare skildra ho ein variert og fleksibel arbeidskvardag.
– For min del er ingen dagar like, og det trur eg gjelder dei fleste her. Vår viktigaste jobb er å oppnå gode resultat mot kundane våre, og vi må heile tida vere fleksible, seier HR-leiaren.

I femte gir

No har altså selskapet lyst ut heile fem stillingar, og dei håpar å få inn søknadar frå personar som passar inn i hos dei.

– Vi er opptatt av meir enn formalkompetanse. Det handlar vel så mykje om den rette personen med den rette innstillinga, og å passe inn i eit arbeidsmiljø. Sidan vi heile tida jobbar prosjektbasert er det viktig å få inn nokon som kan sette inn eit ekstra gir då det trengst. Personane må kunne ta ansvar og jobbe sjølvstendig på sitt fagområde, seier ho.

Westcon søker etter

Ein av fleire: Westcon har fleire anlegg rundt om i landet. Her er det som er plassert i Florø. Foto: Tor Arne Aasen, Samferdselsfoto

 Tøffe tider

Det er ikkje mange år sidan Westcon hadde det tøft, og nedskjering blant dei tilsette vart ein realitet. Ryssdal legg ikkje skjul på at bransjen er konjunkturutsett og med hard konkurranse, men at det no ser svært lyst ut for Florø-bedrifta.

– Vi er inne i ein veldig positiv flyt. Vi har auka opp arbeidstokken vår med 50 prosent det siste halvanna året. Vi har gode samarbeidspartnarar, og det er mykje meir liv og optimisme i bedrifta enn det var for nokre år sidan. Det at vi no har fleire bein å stå på, med ulike forretningsområde innanfor verftet i Florø, gjer oss og meir robuste ved endringar i marknaden.

Korona inga hindring

Heller ikkje årets mest omtalte virus har satt kjeppar i hjula for bedrifta, noko som tyder godt for framtida.

– Vi har store prosjekt som vi jobbar godt med no, og så har vi fleire i loopen. Derfor har vi no behov for å styrke staben.

Sosiale goder: Fleksibel arbeidstid, turgruppe og lønningspils er blant godene som Westcon tilbyr sine tilsette. Foto: Privat

Mykje å bryne seg på

Moglegheitene for både fagleg og personleg utvikling er mange. Dei som er villige får stadig moglegheit til å ta på seg både nye arbeidsoppgåver eller jobbe med nye prosjekt.

– Ingen prosjekt er like, og ein vil alltid få moglegheit til å bryne seg på nye faglege utfordringar.

Intern talentjakt

Ryssdal seier at heile tida prøver å halde oversikt over personar som gir det vesle ekstra, og som viser at dei vil ha ekstra utfordringar utover jobben dei allereie har.

– Det er viktig å identifisere og dyrke fram dei som kan stige i gradene. Dette er viktig både for oss, og for dei tilsette som har eit ønske om nye utfordringar internt. Folk vert lagt merke til hos oss, seier ho.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.