Vil du marknadsføre dette?

Skriven 13.12.2019 under Nyheiter, Ukategorisert

Har du kompetanse innan marknadsføring, og eit ønske om å bu på ein av Norges finaste plassar, bør du gripe sjansen no.

Visit Flåm har nemleg ledig stilling innan marknadsføring og grafisk design.

Den perfekte kandidaten for stillinga er ein som har utdanning og interesse innan sosiale medium og grafisk design, seier marknadssjef i Visit Flåm, Even Hulleberg.

Enormt potensiale
Dei tilbyr ei spennande stilling i eit framoverlent selskap med store vekstambisjonar. Hulleberg legg vekt på at her ligger det eit enormt potensiale for den riktige personen.
– Det er ekstremt mange turistar og besøkande som er innom Flåm i løpet av eit år, og ein har enno ikkje tatt skikkeleg tak i potensialet innan sosiale medium som ligg der. I denne stillinga får ein moglegheit til å skape noko nesten heilt frå scratch.

Variert arbeidskvardag
Typiske arbeidsoppgåver vil blant anna vere operativt ansvar for bedrifta sine sosiale medium-kanalar. Innhaldsproduksjon til sosiale medium og andre relevante kanalar, ansvar for å produsere grafisk materiale og digital annonsering, og sal – og marknadsrelaterte oppgåver.

Med andre ord er arbeidsoppgåvene svært varierte.
– Ein har ein fin kombinasjon mellom å vere litt ute i feltet og litt på kontoret. Ingen dagar er like og ein kan i stor grad skape sin eigen arbeidskvardag.

Foto: Visit Flåm

I særklasse
Stillinga byr på spennande utfordringar og Hulleberg meiner Visit Flåm er ein attraktiv plass å jobbe som marknadsførar. Han snakkar engasjert om det han omtalar som unike naturopplevingar i særklasse.
– Vi har eit reiselivsprodukt som kan samanliknast med den kinesiske mur, Machu Picchu og pyramidane i Egypt. Vi er verkeleg heilt i toppen, seier marknadssjefen.

Godt arbeidsmiljø
Sjølv har Hulleberg kontor i Oslo, men han skryt av arbeidsmiljøet som er på hovudkontoret i Flåm.
– Det er ein fin gjeng som sit der. Det er ein lav tone og høgt under taket, og det verkar som at folk kosar seg på jobben.

Det er Flåm som er hovudbasen for stillinga, men det er også moglegheit for å jobbe på distriktskontoret deira i Oslo.

Les meir om stillinga og søk her 

Ikkje for deg? Fortvil ikkje, vi har mange fleire ledige jobbar i vår portal. Sjekk ut her! 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.