Vil du jobbe innan helse i ein kommune med latter og dyktige medarbeidarar?

Skriven 30.08.2019 under Nyheiter, Ukategorisert

Fjaler er ein kommune med dyktig og engasjerte tilsette som trivst med arbeidsoppgåvene sine. Dagane som ansatt er prega av mykje latter i eit godt arbeidsmiljø. Sjølv om latteren sit laust, jobbar du med fagleg kvalifiserte og motiverte kollegaer.

No som kommunen har valgt å samlokalisere miljøtenesta deira, ønsker dei to nye stillingar til å jobbe i det som blir ei positiv retning både for brukarar og medarbeidarar. 

  • Den første stillinga i miljøtenesta er som teamleiar, kor du kan vere med å sørge for ein betre kvardag for både brukarar og dine kollegaer på arbeidsstaden. Er du ein tydeleg og positiv person, kan denne stillinga vere midt i blinken for deg.

 

  • Den andre stillinga i miljøtenesta er som vernepleiar på samme arbeidsstad, kor du kan vere med å gjere ein forskjell i miljøtenesta. Kommunen ønsker ein sjølvstendig person med gode kommunikasjonsevner til å bli ein del av det gode fellesskapet.

 

  • Legekontoret i Fjaler kommune treng ein sjukepleiar som kan jobbe med administrative oppgåver. Her kan du vere med å skape eit godt band mellom helsetenesta i kommunen og innbyggarane. Arbeidsstaden vil vere på legekontoret i Dale, Sunnfjord. Stillinga er på 40%. 

 

  • Den siste stillinga av dei fire, har også arbeidsstad i Dale, Sunnfjord. Her er kommunen på jakt etter ein helsesjukepleiar som kan ha det faglege ansvaret for helsestasjonen og skulehelsetenesta i Fjaler kommune. Du får i oppgåve å viderutvikle tenesta, og må halde deg oppdatert til ein kvar tid. Er du ein positiv og strukturert person med gode kommunikasjonsegenskapar? Send inn ein søknad!

 

Er ingen av jobbane den riktige for deg? Fortvil ikkje, vi har mange andre spennande stillingar ute HER 😊

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.