sfe

Nyheiter

10 ledige stillingar i juli

Sommar er ferietid, men også ypperleg jobbsøkartid. Her er ti spennande stillingar for deg som vil leve vestlandslivet på fulltid.

Høyanger kommune søker einingsleiar for kultur og mangfald

Vil du ha ein innhaldsrik og spennande leiarjobb i Høyanger? I denne stillinga har du moglegheita til å setje preg på kommunen og jobbe med alt frå integering, folkehelse, aktivitetssenter, ungdom og fritid og kulturtilbod som kino, museum, galleri og bibliotek, for å nemne noko:

Les meir

IKT-konsulent eller driftsingeniør?

Bli med å skape den fornybare framtida! Om du vil jobbe som IKT-konsulent eller driftsingeniør på vakre Sandane, bør du sjekke ut desse stillingane hos SFE:

Les meir

Sentral rolle som økonomisjef i Gloppen

Gloppen kommune kan freiste med utfordrande og viktige oppgåver i eit godt arbeidsmiljø, med dyktige kollegaer og fleksibel arbeidstid. I denne rolla får du vere med på å påverke framtida i kommunen. Er du deira nye økonomisjef?

Les meir

gloppen kommune

Gloppen har flust med friluftsmoglegheiter. No kan du bli kommunen sin nye økonomisjef.

Stryn kommune søker helsesjukepleiar til engasjement

Vil du teste å bu og jobbe i Stryn i ein periode? Stryn er eit friluftseldorado med aktivitetar for ein kvar smak både sommar og vinter. Kommunen har no ledig eit engasjement som helsesjukepleiar i full stilling der du vil jobbe på helsestasjon og i skulehelsetenesta:

Les meir

Vil du jobbe som pedagogisk leiar i Aurland eller Flåm?

Aurland kommune søker to pedagogiske leiarar, ein til Flåm barnehage og ein til Aurland barnehage. For dei rette kandidatane tilbyr dei eit rekrutteringstilskot på 100 000 kroner, gratis trening og symjing og hjelp til å skaffe bustad og jobb til partner ved flytting til Aurland:

Les meir

Sygnir søker organisasjons- og forretningsutviklar

Som organisasjons- og forretningsutviklar får du stor påverknad på tvers av heile Sygnir og ein plass i leiargruppa i selskapet. Sygnir skriv at du vil møte engasjerte medarbeidarar som jobbar for høg fagleg kvalitet, og kan garantere ein travel, spennande og lærerik arbeidsdag:

Les meir

sygnir

Sygnir søker organisasjons- og forretningsutviklar. Du finn fleire ledige stillingar frå dei om du klikkar deg vidare inn på portalen for ledige stillingar.

Hyllestad kommune søker tilsette i flyktningstenesta

Vil du bidra til at flyktningar i Hyllestad får ein godt start? Kommunen har no ledig to stillingar i flyktningtenesta, ei som programrådgjevar og ei som flyktningskonsulent med busettingsansvar. Her får du ein viktig og meiningsfull jobb, gode utviklingsmoglegheiter, fleksibel arbeidstid og busettingstilskot om du kjem tilflyttande:

Programrådgjevar

Flyktningskonsulent

Lærdal kommune søker tre helsefagarbeidarar

Ønsker du deg ein spennande jobb med faglege utfordringar og moglegheit for utvikling? Då ser Lærdal kommune etter akkurat deg! Som helsefagarbeidar/hjelpepleiar vil du arbeide systematisk med velferdsteknologi, ernæring, medikamenthandtering, kvardagsrehabilitering og mykje meir:

Les meir

Eramet søker prosjektleiar til hydrogenprosjekt

Vil du vere med på hydrogeneventyret i Ullensvang? Eramet søker ein dyktig prosjektleiar til framtidsretta prosjekt – ein unik karrieremoglegheit lokalisert i eit område kjent for sin slåande vakre natur. Obs: Kort frist!

Les meir

Selje

Selje er ei vakker perle ved kysten nordvest i fylket vårt.

Selje

No er det ledig ei stilling som lærar ved Selje skule.

Selje skule søker lærar

Likar du å jobbe med barn og unge, og har evne til å skape trygge og gode dagar for elevar? Selje skule er ein 1-10 skule med ca. 140 elevar, og ser no etter ein lærar som ønskjer å vere del av eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø i Selje:

Les meir

Sjå alle ledige stillingar

Fleire saker