Annemieke Koopmans-Holtrop Flokk og fjell

Nyheiter

Mellom flokk og fjell

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Framtidsfylket og Flokk og Fjell

Ein ferietur i ungdomen vart starten på eit gründerliv på Sandane.

Annemieke Koopmans-Holtrop har utdanning innan arkitektur og konstruksjon og kjem frå Leeuwarden i Nederland. Ho har nyleg starta selskapet Flokk og Fjell på Sandane som produserer lyddemping av saueull frå lokale bønder.

– Eg elskar sau, ull, gardar og det norske naturlandskapet. Og spesielt likar eg dei gamle sauerasane, seier Annemieke engasjert medan ho viser oss studioet i sentrum av Sandane.

Ho sit ved ein kontorpult i det som er eit kombinert visnings- og konsultasjonsrom. På veggane heng rammer fylt med ull i flotte fargar og kreative mønster. I rommet bakanfor finn vi eit arbeidsværelse med ein stor arbeidsbenk, bøtter til farging og rekkevis med fargerike ullnøster klare til bruk.

Annemieke fortel at ho alltid har likt å designe ting og at ho fyrst byrja å bruke ull som lyddemping i sitt eige hus.

– Etter kvart byrja eg å tenke at dette kan vi jo selge. Og det var starten på Flokk og Fjell, forklarer ho.

Annemieke arbeider med farga ull
Farga ull flokk og fjell

Ferietur vart avgjerande

Men vi må spole litt tilbake, for vi kan ikkje unngå å spørje: Korleis enda ein arkitekt frå Nederland opp som gründer på Sandane? Det er i følge Annemieke ganske tilfeldig.

– Då eg var ungdom reiste eg på ferie hit saman med familien og kjærasten min, Pieter. Vi synest det var så fint her, og eg hugsar vi sa til kvarandre at her kunne vi faktisk ha budd, fortel ho. 

Nokre år seinare, då ho og Pieter var gifte, var dei tilbake her på ferie. Då tenkte dei framleis at dette kunne vere ein fin plass å bu. Etter å ha returnert til Nederland følgde dei litt sporadisk med på arbeidsmarknaden i Noreg, utan å eigentleg tenke at det var noko som kom til å skje. Men plutseleg ein dag dukka det opp noko interessant på skjermen: 

– Ei stilling på meieriet som Pieter kunne søke på. Då tenkte vi at det må vi berre prøve.

Og slik vart det til at Annemieke og Pieter flytte til Noreg og starta livet sitt på Sandane. No har dei budd der i 17 år, fått fem ungar og starta fire selskap. Den største skilnaden mellom Nederland og Noreg meiner dei heilt klart er naturen. 

– Der vi kjem frå er det heilt flatt. Vi er glade i natur, og her er det bratte fjell og djupe fjordar som ikkje finst alle andre plassar. Men nordmenn og nederlendarar generelt er litt like som folk, så der er det ikkje så store skilnadar, påpeikar Annemieke.

flokk og fjell Sandane

I studioet i sentrum av Sandane viser dei fram eksempel på fargar, mønster og materiale.

Seriegründerar

Men det var ikkje med ull den profesjonelle karrieren starta. Annemieke jobba fleire år i SFE på Sandane før ho starta sitt eige arkitektselskap, Ahda design og arkitektur. Etter kvart vart Geirmund tilsett som konstruktør og Pieter som prosjektleiar. Verksemda utvikla seg gradvis og sidan har dei også starta eit hytteselskap, Ahda Hytter, og eit byggefirma som Pieter og Geirmund driv, PG-Bygg – i tillegg til nemnde Flokk og fjell.

No tel dei åtte tilsette i selskapa, i tillegg til eldste dottera til Annemieke og Pieter som hjelper til når ho er heime. Til saman kan dei levere fullstendige prosjekt frå teikning og prosjektering til bygging og lyddemping.

– Det er kjekt å finne på noko nytt, spesielt saman med andre som likar det same. Eg og Pieter har alltid vore slik, både på fritida og i arbeidslivet. Så det er ikkje så overraskande for oss at det vart gründerlivet, seier Annemieke.

Adha hytte

Ahda-hytte straks ferdig oppsett.

ahda-hytte

Hyttene har form som eit sel du finn på støylen, der dei opnar opp heile framveggen med eit stort vindauge.

Naturprodukt med positive effektar

Tilbake til selskapet vi er her for å lære mest om: Flokk og Fjell. Nydelege veggpanel laga av saueull med kjente handtverksmetodar.

– Det at vi brukar ull frå lokale bønder er viktig for oss. Vi ønsker å støtte dei. Når bøndene leverer ulla til mottak får dei nesten ikkje noko igjen for den, så dei vert glade for at vi lagar dette av ulla deira, seier Annemieke.

Hos Flokk og Fjell vaskar og tovar dei ulla godt og brukar naturmateriale som plantar, sopp og lav til å sette farge på den. Så brukar dei hendene til å legge ulla i fine mønster utover eit veggpanel av tre. Annemieke fortel at det har vore forska på at naturprodukt har positive effektar på folk.

– For oss handlar det difor om å halde det naturleg og ikkje bruke skadelege ingrediensar, seier ho.

ull flokk og fjell

Ulla kjem frå lokale sauer. Bøndene er glade for at den vert brukt.

ull veggpanel flokk og fjell

Veggpanela kan lagast i ulike storleikar, fargar og mønster.

Ikkje kunst

Lyddempinga av ull sel dei mest til prosjektmarknaden, og som oftast til store prosjekt. Då Framtidsfylket var på besøk jobba dei med eit prosjekt i Sandane kyrkje. Der hadde dei allereie fått oppdraget med ombygging av ein del av kyrkja, då Annemieke foreslo at dei også kunne levere lyddemping til veggane innandørs.

– Då tok eg av arkitekthatten og på med seljarhatten. Det vart heldigvis godt mottatt, seier ho med eit smil.

Resultatet er fire store veggpanel i hovudrommet i kyrkja som illustrerer ulike fasar i den kristne skapingshistoria: Mørket, då det vart lys, oppstoda av liv, og oppstoda av sosiale samfunn.

Underteikna kunne ikkje unngå å nemne at for våre auge ser dette ut som meir enn berre lyddemping, men for designaren sjølv er det ikkje kunsten som står i fokus.

– Dette er skreddersydd lyddemping med visuelle eigenskapar som vi tilpassar etter kundens behov og ønsker, og funksjonen av rommet det skal vere i, forklarer Annemieke.

flokk og fjell Sandane kyrkje

Sandane kyrkje med lyddemping som illustrerer fire fasar i den kristne skapingshistoria. Frå venstre: 1) Mørket, 2) då det vart lys, 3) oppstoda av liv, og 4) oppstoda av sosiale samfunn. Foto: Flokk og fjell.

flokk og fjell

Det ligg mykje tanke og arbeid bak kvart verk.

flokk og fjell

Veggpanelet som illustrerer oppstoda av sosiale samfunn.

Vil vekse

Eit anna prosjekt dei har jobba med er Sølvane gard i Kandalen. Der har dei teikna og levert det nye restaurantbygget i tillegg til at ein heil vegg i restauranten er kledd i lyddemping frå Flokk og fjell.

– Korleis er det eigentleg å jobbe som gründer i distriktet?

– Du må like å vere gründer, og vi jobbar mykje. Vi har etter kvart sett at det er forskjell på folk, og vi gründerar er nok litt spesielle. Vi har ei sterk vilje. Vil du det nok så får du det til, er innstillinga.

Adha hytter Annemieke og Pieter

Annemieke og Pieter (til høgre) framfor Ahda-hytta dei set opp heime på tunet sitt. Eline Stoffels (til venstre) har også flytta til Sandane og er tilsett som arkitekt i Ahda. Men ho jobbar litt i alle dei fire selskapa, som her når ho er med å bygge hytte.

Annemieke trekk fram næringssjefen på Sandane som ein sterk støttespelar og skildrar eit lokalsamfunn som er gode på å heie dei fram. Men ho er tydeleg på at viss du er gründer og vil bu i distriktet, må du tørre å tenke større enn ditt eige lokalmiljø.

– Vi må ha ein stor marknad lokalt og nasjonalt, men også internasjonalt. Derfor har vi no eit showroom i Oslo der vi viser fram Flokk og Fjell, og vi har ein person i Nederland som tek seg av handel med den nederlandske marknaden, forklarer ho.

No ønsker dei å ekspandere og få fleire tilsette med på laget. Dei vil helst ikkje stele folk frå andre lokale arbeidsgjevarar, men gjerne få fleire til å flytte hit utanfrå.

– Vi har lyst å tilføre noko til samfunnet, skape arbeidsplassar og verdiskaping. Vi treng både arkitektar, ingeniørar, handtverkarar og dei som har kunnskap om plantefarging, toving og sal. Om nokon les dette og synest det verkar interessant, må dei veldig gjerne ta kontakt, oppfordrar ho.

Fleire saker