Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Ventar søkarboom til årets traineestillingar

I fjor kom det over tusen søknader på Framtidsfylket sine traineestillingar. Gro Rukan ventar minst like mange i år.

Skriven 17.02.2017 under Nyheiter

– Vi har aldri før lyst ut fleire traineestillingar. I år er det 25 spennande stillingar i 21 ulike bedrifter, og fagområda spenner frå arkitektur og kommunikasjon til forretningsutvikling og elkraft, seier Rukan.

8 nye traineebedrifter
Framtidsfylket Trainee går no inn i sitt 14 år, og 150 traineear har vore gjennom programmet. Blant årets 21 bedrifter som lyser ut stilling, har åtte av dei aldri hatt trainee før. Aaland arkitektkontor, Fram Flora, Førde sementvare, iVest Consult, Åsen og Øvrelid, Airlift, Sødermann, Mediebruket er nykommarar på bedriftssida.

– Traineeordninga er ein unik inngangsport til arbeidslivet, og difor svært attraktivt for nyutdanna. Dei kjem inn i eit program med ei skreddarsydd stilling, og dei får eit nettverk frå dag 1. Den kollektive marknadsføringa og merksemda ein får av å lyse ut så mange stillingar samtidig, gjer at bedriftene får søkjarar som normalt ikkje ville oppdage deira stillingsutlysingar. Det er ein klar fordel, seier Rukan.

Frå heile landet
Årets kull på 22 traineear er det største kullet i Framtidsfylket si historie. Traineeane kjem frå Møre og Romsdal, Rogaland, Hordaland, Trøndelag, Akershus, Sogn og Fjordane og Danmark.

Kristian Reinskau Knudsen frå Rogaland fekk traineestillinga innan fornybar energi i SFE, og har ikkje angra på valet sitt.

– Sogn og Fjordane er fantastisk. Det er behageleg å bu på ein stad, der det ikkje er så mykje kjas og mas som i storbyen. Eg elskar naturen, samtidig som jobben er utfordrande og spennande. Eg har lært utrolig mykje innan fagfeltet mitt og har blitt engasjert i mange spennande prosjekt. Kort og godt, eg stortrivast.

Han får støtte av trainee i Sparebanken Sogn og Fjordane, Marius Solberg.

– Eg endte opp med å få den stillinga eg helst ville ha. Her jobbar eg som trainee ved back office kapital og finans, og eg har fått mange spennande arbeidsoppgåver. I korte trekk jobbar eg med å kontrollere handlar og banken sin likviditet, og rapportering til Finanstilsynet. Overgangen frå studier til jobb har gått som ein draum, seier Solberg.

Ideell møteplass
Om ei veke går startskotet for årets karrieremesser i Trondheim, Oslo og Bergen. Rukan understrekar at karrieremessene er ein ideell arena for nyutdanna å møte traineebedriftene. 7 av årets 22 traineear møtte dei framtidige arbeidsgjevarane sine nettopp på messene. Ida Marie Gildestad frå Bærum var ein av dei.

– Eg vart kjent med Framtidsfylket på karrieremessa i Oslo. Der fekk eg snakka med Vestlandsforsking, og søkte deretter stillinga, fordi den såg svært spennande ut. Og det er den verkeleg, seier Gildestad.

Ho er utdanna samfunnsgeograf, og jobbar no med ulike prosjekt innan klima, miljø og reiseliv.

– Det første halvåret har vore spennande, utfordrande, annleis og lærerikt. Å bu i Sogn og Fjordane er veldig fint. Det er små forhold, men det gjer at det er lett å komme i kontakt med folk. Naturen er fantastisk, og saknar eg byen, set eg meg berre på bussen til Oslo eller Bergen, seier Gildestad.

Søknadsfrist for årets traineestillingar er 1. mars. Men først står karrieremessene for tur.

– Fleire av traineeane som møtte sine arbeidsgjevarar på messene i fjor, står sjølve på stand i år. Så dei kan nok komme med gode tips for dei som vil kapre årets stillingar, seier Rukan.

Footer