Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Karriereprat: Trainee når ein allereie har draumejobben?

Skriven 29.10.2015 under Karriereprat

Som nittenåring flytta eg til Bergen for å studere økonomi og administrasjon ved Norges Handelshøyskole, og etter kvart ta ein mastergrad på same skulen. Denne skulle eg i alle fall ikkje ta i rekneskap og revisjon, det var for tørt og for «spesielt interesserte». Etter tre år med økonomi viste seg at eg var ein slik «spesielt interessert» likevel, og studerte rekneskap og revisjon i to år.

Det var halvanna år til eg var ferdig med mastegraden. Eg visste eg kunne søke på ei trainee-stilling gjennom Framtidsfylket. Å byrje karrieren med tett oppfølging av ein mentor og få prøve ulike arbeidsoppgåver, verka som ein fin måte å finne ut om revisjon var noko eg faktisk ville drive med. Ei annleis tilnærming til starten på arbeidslivet enn eg elles ville fått, saman med fleire nyutdanna i ulike bedrifter som ville vere akkurat like nye og usikre som meg.

Samstundes hadde Deloitte óg eit stipend for masterstudentar innan rekneskap og revisjon som eg kunne søke på. Eg kunne søke når som helst, og dersom dei vurderte meg som aktuell for ordninga, ville eg motta eit stipend det siste studieåret, og jobbe for dei når eg var ferdig. Eg valte å søkte på dette stipendet, og fekk det.

Traineeordninga er for nytutdanna med bachelor- eller masterutdanning. Eg hadde allereie jobba i Deloitte i eitt år etter avslutta studier, då eg fekk tilbod om å delta i ordninga. Når eg allereie har draumejobben, kvifor deltek eg då på dette i tillegg? For min del handlar det mindre om eit godt møte med arbeidslivet og bedrifta, for det har eg allereie fått. Det handlar meir om eigenutvikling og nettverksbygging, samt å bli kjend med næringslivet i Sogn og Fjordane. Gjennom ordninga får eg blant anna innsikt i erfaringane til dei andre som er trainee, og korleis det er å jobbe i andre selskap. Eg får utfordre meg sjølv gjennom ulike aktivitetar på trainee-samlingane som eg vanlegvis ikkje ville tatt initiativ til å prøve. I tillegg til dette får eg besøke bedrifter i Sogn og Fjordane som ligg langt inne mellom fjordar og fjell, og som eg ikkje hadde visst om elles. Det er mange karrieremogelegheiter i Sogn og Fjordane, ein må berre vite om dei.

Å bu og arbeide i Sogn og Fjordane er heilt sikkert annleis enn å bu og arbeide på større plassar. Ein av fordelane med Deloitte er den interne traineeordninga i selskapet, med nasjonal opplæring slik at alle nyansatte får same kursing. Kompetanseutviklinga blir den same her som andre stader, men læringskurva blir brattare. Ved eit mindre kontor får ein andre arbeidsoppgåver og andre ansvarsområder enn ein får som nyutdanna ved større kontor. Det er klart det kan vere utfordrande, men på ingen måte ei ulempe. Selskapa vi reviderer er gjerne små, med andre utfordringar enn større selskap. Dette er heller ikkje noko ulempe, for med små selskap er det enklare å sjå totalbiletet, og ikkje berre enkeltområder i rekneskapen. Ein lærer utruleg mykje av dei små selskapa.

Det er framleis mykje eg ikkje kan, mange problemstillingar eg ikkje har vore borti, og eg ser for meg at eg blir verande i Deloitte i ein del år framover. Eg har ikkje angra på at eg flytta heim til Sogn og Fjordane. Både eg og sambuaren min er frå Florø, og har næraste familie her. Eg saknar ikkje Bergen i seg sjølv, men venane mine som framleis er der. Forhåpentlegvis kjem dei heim dei óg. I tillegg til ein god arbeidsplass, er det ein halvtime å gå frå inngangsdøra mi til eg står på toppen av Brandsøyåsen og kan sjå utover alle øyene utanfor Florø og berre nyte det. Eg kan køyre i ti minuttar, og vere i båt på sjøen to minuttar etter. Til vinteren kan eg køyre ein time, og stå på ski i eit skitrekk. Skal ein køyre ein plass, går tida med til faktisk køyring, ikkje til å sitje i kø. Alt er i nærleiken, og eit eksempel på det er at det tar kortare tid å fly til Bergen, inkludert innsjekkinga, enn å ta bussen frå Landås til Åsane i rushtrafikken.

Footer