Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Tidlegare traineear - kvar er dei no?

Vi har spurt fire tidlegare traineear kva dei fekk ut av si tid som trainee, og kva mulegheiter som opna seg i ettertid.

Skriven 18.01.2017 under Nyheiter

Traineestillingane er meir populære enn nokon gong – med god grunn. I fjor kom det over 1000 søknader til stillingane, og årets stillingar er minst like spennande.

 

Les meir om traineeordninga her

 

Ingrid Celine Dregelid / Melin Medical
Eg var trainee i Melin Medical 2015/2016, og som utdanna jurist skulle eg ha fokus på dei ulike rettsområda som selskapet støtte på – då alt frå avtalar med kundar til personalreglement og HMS. Då traineeåret var omme, starta eg som jurist i Helseinnovasjon, som er morselskapet til Melin Medical. Der fekk eg ei meir overordna rolle og kunne vere ein ressurs for heile konsernet.

I dag sit eg med mange av dei same oppgåvene eg hadde som trainee, i hovudsak Compliance, reglar og rutinar og inkasso. Samstundes veks selskapet – både nasjonalt og internasjonalt, noko som medfører nye arbeidsoppgåver. Som einaste jurist i eit konsern som Helseinnovasjon er arbeidsdagen spennande og variert. Frå studia som privatist var eg van med å arbeide åleine i eit rolig tempo. Det var difor utfordrande å komme inn i eit selskap med eit så høgt tempo, og der ein jobbar så tett på kvarandre. I dag er det utenkjeleg å ikkje arbeide på denne måten.

I året som trainee vaks eg enormt personleg, eg fekk vener for livet og opplevingar som eg vil ta med meg for alltid. Opplevingane, ansvaret, den varierte arbeidsdagen og dei herlege kollegaene mine er det som driv meg, og denne unike kvardagen er ein «once in a lifetime»-moglegheit som ikkje hadde vore mogleg utan traineeordninga. (Og det er ikkje skryt – det er faktisk reelt).

 

Reiel Haugland / Sparebanken Sogn og Fjordane
Eg var som trainee på marknadsavdelinga i Sparebanken Sogn og Fjordane I 2006/2007. Der var eg involvert i det meste ei marknadsavdeling held på med, men hadde eit spesielt fokus mot kommunikasjonssida. I februar har eg vore ti år i banken, og har no tittelen Digital Direktør, sit i leiargruppa til banken, og har det overordna ansvaret for forretningsutvikling, IT og marknad.

Traineeåret var ein veldig flott inngang inn i ein stor arbeidsplass. Eg vart involvert og invitert på veldig mykje utover det eg konkret jobba med, og fekk sett heile banken frå innsida. I tillegg hadde det stor verdi å bli kjent med det breie næringslivet elles i fylket. Eg fekk auga opp for at det skjer mykje spennande rundt omkring, som eg gjerne ikkje hadde oppdaga dersom eg ikkje hadde vore trainee. Sett i bakspeilet så vil eg seie at traineeåret først og fremst la grunnlaget for at eg kunne få vise meg fram, kven eg er, kva eg kan og kva eg kan bidra med.

 

Hans Ørjasæter / Stryn Energi
Eg var trainee i SFE Nett, der eg jobba med planlegging og prosjektleiing av nytt nett som skulle byggast. Etter x år i bedrifta, jobbar eg no som nettsjef i Stryn Energi.

I tida som trainee, fekk eg fekk kontakt med andre traineear som jobba i ulike bedrifter spreidd over heile fylket. Eg fekk eit godt nettverk som har vore nyttig langt utover traineeperioden. Det var ei aha-oppleving å få ei innføring i alle dei spennande bedriftene som er i Sogn og Fjordane . Verksemder som var ukjende for meg som nyutdanna og tilbakeflytta sognandfjording. I tillegg var opplegget lærerikt og personleg utviklande, så eg følte at eg fekk mykje igjen for å vere trainee. Mykje av det vi lærte og utfordra kvarandre på i traineeperioden, har bidrege til at eg karrieremessig er der eg er i dag. Fokuset på den personlege utviklinga er kanskje det som har vore viktigast i mi karriere.

 

Linda Svendsen / Highsoft
Eg var trainee i trainee-kullet 2015/16 som webutvikler hjå Highsoft. Etter traineeperioden fekk eg fast jobb i Highsoft, framleis som Webutviklar. For meg har traineeåret betydd mykje meir enn kva eg trudde det skulle gjere på førehand, og eg har ikkje angra eit sekund. Eg fekk ein fantastisk inngangsbillett til arbeidslivet og har no fast jobb.

Frå året eg var trainee har eg tatt med meg herlige, uerstattelege minne frå traineesamlingar, eg har vorte kjent med ein heilt fantastisk gjeng andre traineear, og eg har blitt mykje betre kjent med fylket. Eg hadde ingen idé om kor mange moglegheiter det faktisk finst der ute, fleire enn ein skulle tru. Og det er eigentleg ikkje så verst å bu på landet. Faktisk veldig bra.

 

Footer