Vilkår for oppretting av brukarprofil på framtidsfylket.no

Samtykkeerklæring

Når du opprettar ein personleg profil på framtidsfylket.no, så gjev du samtidig følgjande erklæring:

Eg gjev herved mitt samtykke til at Framtidsfylket AS og databehandlar Mediebruket AS kan behandle mine personopplysningar i samsvar til dei nedanfor anførte formål. Eg er klar over at opplysingar kan bli vidareformidla til medlemsbedrifter og samarbeidspartnarar av Framtidsfylket. Opplysningane er oppgitt frivillig og eg har blitt gjort merksam på mine rettar ifølgje «Lov om behandling av personopplysningar».

Personvernerklæring

Framtidsfylket AS tar personvernet alvorleg og vi behandlar personvernopplysingar i samsvar til norsk personvernlovgjeving. Vi innhentar og behandlar personopplysingar kun med ditt samtykke eller i situasjonar der vi har lovpålagte forpliktingar. Nedanfor beskriv vi i korte trekk korleis vi samlar inn, bruker og beskyttar personopplysingar og anna informasjon om deg.

Mediebruket AS er databehandlar for Framtidsfylket AS. Sjå kontaktinformasjon for Mediebruket.

Slik brukar vi informasjonen vi samlar inn:

Vi lagrar og behandlar dine personopplysingar i det omfang det er nødvendig for å:

  1. Utveksle kontaktinformasjon mellom karriereportalens arbeidsgjevarar/bedrifter og arbeidssøkjarar/brukarar.
  2. Gje bedriftene eit vurderingsgrunnlag over kvalifikasjonar til stillingar gjennom brukarane sin CV.
  3. Sende ut informasjon om arrangement i regi av Framtidsfylket.

Deling av personopplysingar

Dei personopplysingane du gir oss kan bli vidareformidla til medlemsbedriftene våre som på førehand er individuelt vurdert og godkjent av leiinga i Framtidsfylket for å få tilgang til databasen.

Informasjonen du registrerer i CV-en din vil berre kunne sjåast av tilsette i Framtidsfylket og godkjende representantar for arbeidsgjevarar som er logga inn på www.framtidsfylket.no. Tillatinga er gjeven under føresetnad at opplysingane dei får tilgang til berre blir nytta til arbeid for rekruttering. Denne informasjonen vert lagra i fem år. Deretter får du eit varsel om å oppdatere CV-en din, elles blir den sletta.

Innsyn, retting og sletting av personopplysingar

Du har rett til å ha tilgang til, oppdatere, korrigere og slette dine personopplysingar i einigheit med «lov om behandling av personopplysingar». Dette gjer du ved å logge inn på din profil under framtidsfylket.no.

Last ned PDF-versjon av Vilkår for oppretting av brukarprofil på framtidsfylket.no

For innsyn, oppdatering og spørsmål kan du kontakte oss via kontaktinformasjon:

Framtidsfylket As
Org.nr: 992 403 896
Adresse: Pb. 600, 6803 Førde
Daglig leiar: Linda Hovland, telefon 990 17 852, linda@framtidsfylket.no

Mediebruket As
Org.nr: 994 576 240
Adresse: Øyrane 3A, 6800 Førde
Telefon: 57 82 19 00
Epost: post@mediebruket.no