Praktisk informasjon karrieremessa i Bergen

Velkommen som bedriftsdeltakar på karrieremessa i Bergen!

Praktisk informasjon

Tidspunkt:
Messa er frå 17:00 – 21:00
Rigging frå kl 12:00. Standen må vere klar seinast 16:30. Pep-talk med Gro kl 16.30.
Nedrigging må skje same kveld. For dei som skal sende vidare materiell må dette merkast godt. Plassering av utstyr blir opplyst om på messene.

Adresse: Grieghallen, Edvard Griegs plass 1, 5015 Bergen

Parkering: Parkeringskjellar under Grieghallen.

For dei som parkerer under Grieghallen i Griegpark og ønskjer 30 prosent rabatt, så må de ta med dykk parkeringsbilletten tilbake til hotellet. Viktig at de IKKJE registrerer kortet ved innkjørsel, men trykkjer på billett. Den vil bli stempla på hotellet, og ein betalar før ein køyrer ut.

Leveringsadresse: Merk sendinga slik: Firmanamnet dykkar, c/o Grieghallen AS, Edvard Griegs plass 1, 5015 Bergen, mrk: «Framtidsfylket Karrieremesse»

Frakt:
For å sende materiell i forkant sender de dette til adressa som står over. NB! Kan ikkje leverast i Grieghallen før tidlegast 12. februar!
Markér sendingane godt med «Framtidsfylket karrieremesser». Hugs også å bestille returfrakt!
Ta kontakt og opprett eigne avtaler med Bring eller anna speditør.

Praktisk på stand.

Alle som treng får tilgang på straum, eit ståbord, lave bord er fritt å ta frå vogn, WIFI og avgrensa 3 x 1,5 m golvareal til stand. Ta gjerne med ekstra skøyteledning.
Om de ynskjer skjermar, oppheng, ber vi dykk om å kontakte messelokala direkte.

Overnatting:

NB: I år skjer booking av overnatting direkte til hotellet. Vi har skaffa rabattkodar frå hotella vi skal bu på, slik at alle får ein fordelaktig pris.

Hotell: Scandic Ørnen, Lars Hilles gate 18, 5008 Bergen
Kontaktnummer: 55 37 50 00
Pris pr rom: 1363 kr (standardrom inkl. frukost)
Rabattkode: BFRA120218
Bookingfrist: 1. februar 2018. Etter denne datoen vert romma frigjevne til andre besøkande.
Parkering: Overnatting på Scandic Ørnen gir rabatt både i bygarasjen og parkeringshuset under Grieghallen. Trekk billett som vanleg og snakk med resepsjonen.

Hugs å:

  • Legge ut ledige stillingar og sommarjobbar på framtidsfylket.no. No er det høgsesong for trafikk på framtidsfylket.no!
  • Melde ifrå kven som skal stå på stand for dykk slik at vi kan gjere klar namneskilt og bestille riktig mengde mat.

Marknadsføring:

Marknadsfør dykk i forkant av messene! Uavhengig om de har ute ledige stillingar eller ikkje, bruk facebooksidene dykkar, heimesidene, nyheitsbrev, og fortel folk at dei kan møte dykk. Del gjerne kva kompetanse de ser etter!

Jungeltelegrafen virkar! Oppfordre alle de kjenner i Bergen til å kome, og å invitere med ein ven på messene – bruk både privat- og jobbnettverk!
Her er lenke til facebookarrangementet i Bergen. Inviter, inviter og inviter!

Døme: «Det skjer mykje spennande i selskapet vårt i 2018. Vi er på jakt etter personar med driv som har kompetanse innan XXX. Er du eller kjenner du ein som er klar for nye faglege utfordringar i året som kjem? Kom og møt oss på karrieremessa i Bergen den 13. februar kl 17 – trykk her for påmelding!»

Sjekk kven som er påmeldt!

Alle med bedriftsprofil og HR-tilgang kan logge seg inn på framtidsfylket.no og sjå kven som er påmeldt. Om de finn kandidatar som er interessante for dykk, send dei gjerne ein epost eller kontakt dei i forkant og inviter dei innom standen dykkar. NB! Ikkje bruk desse listene til massepublikasjonar/fellesinformasjon. Ta kontakt om du manglar innlogging/ HR tilgang. Til informasjon så veit vi av erfaring at mange deltakarar først melder seg på nokre par dagar før sjølve messene.

Framtidsfylket oppmodar alle deltakarar om å oppdatere CV’ane sine  i forkant av messene. Det er ein stor aktivitet på opplasting av CV-ar frå no og framover våren.

Her er ein liten stemningsrapport frå Trondheim 26.januar: 

Tips til å stå på stand:

Vi forventar over 500 personar innom messa. Dei kjem for å vite meir om kva for karriere Sogn og Fjordane kan tilby dei.

Dette er ein gyllen moglegheit for å nå ut til målgruppene dykkar – nytt den!

  • Prøv å sett dykk inn i situasjonen til dei som kjem. Dei er nysgjerrige, men veit kanskje ikkje kven dei skal snakke med.
  • Ikkje ta for gitt at dei veit kva de jobbar med eller kva for kompetansen de treng.
  • Ver utadvente og imøtekomande!
  • Nytt anledninga til å skaffe kontaktinformasjon! Ha ein konkurranse eller ei notisblokk. Samle inn namn og kontaktinformasjon til nyheitsbrev, vidare kontakt, følgara i sosiale medier, etc. Ein quiz, visittkort eller konkurranse kan vere ein fin måte å «bryte isen», men det viktigaste er at ein er utadvendt og tar kontakt.
  • Gje opplysningar om korleis dei kan kontakte dykk etter messa.

På denne lenka kan du få fleire tips til å stå på stand.

Evaluering av messa: 

Evaluering er viktig. Kvart år sender vi ut eit spørreskjema i etterkant av messene både til bedrifter og deltakarar. Kom gjerne med synspunkt på kva som var bra og kva som kunne vore gjort annleis. Denne får du tilsendt på epost.

Er det noko de lurer på eller informasjon som manglar? Kontakt oss!