Påmelding karrieremesse

Praktisk informasjon karrieremessa i Trondheim 2018

Velkommen som bedriftsdeltakar på karrieremessa i Trondheim 2018!

På denne sida vil vi legge ut all praktisk informasjon knytta til karreremessa.

Tidspunkt:
Messa er frå 17:00 – 21:00
Rigging frå kl 12:00. Standen må vere klar seinast 16:30. Pep-talk med Gro kl 16.30.
Nedrigging må skje same kveld. For dei som skal sende vidare materiell må dette merkast godt. Plassering av utstyr blir opplyst om på messene.

Adresse: Scandic Lerkendal, Klæbuveien 127, 7031 Trondheim

Parkering: Lerkendal parkeringshus.

Leveringsadresse: Samme som adresse. Merk sendinga godt med «Framtidsfylket Karrieremesse»!

Frakt:
For å sende materiell i forkant sender de dette til adressene som står under.
Markér sendingane godt med «Framtidsfylket karrieremesser». Hugs også å bestille returfrakt!
Ta kontakt og opprett eigne avtaler med Bring eller anna speditør.

Praktisk på stand.

Alle som treng får tilgang på straum, eit ståbord, lave bord er fritt å ta frå vogn, WIFI og avgrensa 3 x 1,5 m golvareal til stand. Ta gjerne med ekstra skøyteledning.
Om de ynskjer skjermar, så kan de ta kontakt med tt:tech – trykk her for meir info. Spørsmål om oppheng eller anna praktiske behov til standen kontakt messelokale direkte.

Overnatting:

NB: I år skjer booking av overnatting direkte til hotellet. Vi har skaffa rabattkodar frå hotella vi skal bu på, slik at alle får ein fordelaktig pris.

Hotell: Scandic Lerkendal
Kontaktnummer: 21 61 51 99
Pris pr rom: 1144 kr (standardrom inkl frukost)
Rabattkode: BFRA250118
Bookingfrist: 11. januar 2018. Etter denne datoen vert romma frigjevne til andre besøkande.

Hugs å:

  • Sende oss ein kort tekst om bedrifta di, kven de ser etter og eit bilde. Dette skal marknadsførast i sosiale medium i forkant av messene.  Send informasjon til kristine@framtidsfylket.no.
  • Legge ut ledige stillingar og sommarjobbar på framtidsfylket.no. No er det høgsesong for trafikk på framtidsfylket.no!
  • Melde ifrå kven som skal stå på stand for dykk slik at vi kan gjere klar namneskilt og bestille riktig mengde mat.

Marknadsføring:

Marknadsfør dykk i forkant av messene! Uavhengig om de har ute ledige stillingar eller ikkje, bruk facebooksidene dykkar, heimesidene, nyheitsbrev, og fortel folk at dei kan møte dykk. Del gjerne kva kompetanse de ser etter!

Jungeltelegrafen virkar! Oppfordre alle de kjenner i Trondheim til å kome, og å invitere med ein ven på messene – bruk både privat- og jobbnettverk!
Her er lenker til facebookarrangementet Trondheim. Inviter, inviter og inviter!

Døme: «Det skjer mykje spennande i selskapet vårt i 2018. Vi er på jakt etter personar med driv som har kompetanse innan XXX. Er du eller kjenner du ein som er klar for nye faglege utfordringar i året som kjem? Kom og møt oss på karrieremessa i Trondheim den 25. januar kl 17 – trykk her for påmelding!»

Sjekk kven som er påmeld!

Alle med bedriftsprofil og HR-tilgang kan logge seg inn på framtidsfylket.no og sjå kven som er påmeldt. Om de finn kandidatar som er interessante for dykk, send dei gjerne ein epost eller kontakt dei i forkant og inviter dei innom standen dykkar. NB! Ikkje bruk desse listene til massepublikasjonar/fellesinformasjon. Ta kontakt om du manglar innlogging/ HR tilgang. Til informasjon så veit vi av erfaring at mange deltakarar først melder seg på nokre par dagar før sjølve messene.

Framtidsfylket oppmodar alle deltakarar om å oppdatere CV’ane sine  i forkant av messene. Det er ein stor aktivitet på opplasting av CV-ar frå no og framover våren.

Her er ein liten stemningsrapport frå Trondheim 26.januar 2016: