HAFS-regionen

HAFS strekker seg frå Fensfjorden i sør til Førdefjorden i nord, og omfattar kommunane Gulen, Hyllestad, Solund, Fjaler og Askvoll.

Oppdrett skapar arbeidsplassar i HAFS. Sulefisk i Solund, Firda Sjøfarmer i Gulen, Akvahub i Hyllestad og Bulandet Miljøfisk i Askvoll, er eksempel på kreative verksemder som jaktar kompetanse til lokal verdiskaping. Det same gjeld kystnotflåten i Solund og Askvoll. Moderne fiskebåtar er teknologiintensive og effektive, og tilbyr gode arbeidsplassar på kysten. I Hyllestad og Solund produserer og vedlikeheld Havyard Ship Technology og Solund Verft avanserte skip i den ypperste verdsklassen.

Silicon Valley i Dale
Dale i Fjaler har på få år utvikla seg til eit lite «Silicon Valley» midt på Vestlandet. Verksemder som ENORO, Avans, Brødrne Dahl og Pecom AS sel stadig meir tenester og teknologi  i energi- og programvaremarknaden, og etterspurnaden etter høgt utdanna arbeidskraft rekrutterer stadig fleire unge tilflyttarar til Dalsfjordområdet.

Den siste oljen
I Skipavika, i Sløvågen og på Lutelandet går det føre seg stor maritim aktivitet for å skape lokale verdiar frå norsk oljenæring. Kunnskap om teknologi og miljø er nøkkelen til suksess både i tilrettelegging for utvinning, vedlikehald og opprydding etter oljeaktiviteten.

Eit vindauge mot verda
Utkanten kan vere sentrum når interessa er stor nok. På United World College i Fjaler studerer 206 elevar frå over 90 land med Haugland Rehabiliteringssenter som næraste nabo. Både internasjonal utdanning og rehabilitering innan spesialisthelseteneste skapar interessante arbeidsplassar i eit internasjonalt miljø.

Skapinga av HAFS
Samanbrotet til den kaledonske fjellkjeda forma HAFS-regionen. Fjellkjeda var like stor som Himalaya på sitt høgste, og eit av verdas eldste geologiske kart vart teikna over dette området av den tyske geologen Carl Friedrich Naumann så tidleg som kring 1820. Kvernsteinsparken i Hyllestad veit meir om alt dette.

I HAFS finn du også Gulatinget, fylket sin tusenårsstad, og ei av dei eldste og største tingsamlingane i Norden, truleg skipa av kong Harald Hårfagre. Gulatingslova er eit historisk fundament under det norske demokratiet og ei viktig inspirasjonskjelde for folkestyret i heile Europa.

HAFS serverer ikkje brød åleine
Livet har mange sider. Det har vi òg, og kulturopplevingar i landskapet  er vårt varemerke enten vi er på Utkant i Gulen, Teaterfestivalen i Fjaler, lysfestivalen Alt lys på SolundKvernsteinseminar i Hyllestad eller på Krabbefestival i Askvoll.

Sjå filmen «Ein rundtur i HAFS» her.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.