Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Karriereprat: Prøv ein samfunnsvitar

Det er ikkje heilt enkelt å flytte heim. Sjølv har eg prøvd ei stund utan å få det til. Det avgjerande punktet er, ikkje overraskande, jobb, ikkje berre til meg, men også til han eg deler livet med.

Skriven 16.09.2015 under Karriereprat

Det er ikkje heilt enkelt å flytte heim. Sjølv har eg prøvd ei stund utan å få det til. Det avgjerande punktet er, ikkje overraskande, jobb, ikkje berre til meg, men også til han eg deler livet med. Sidan vi var ferdig utdanna i 2013 med mastergrader frå universitetet i Bergen har vi sett etter moglegheiter til å flytte heim. Lat meg skildre ein ikkje uvanleg situasjon.

Eit par går på karrieremesse. Litt spente, håpefulle og litt engstelege. Ho lengtar heim, han har sine tvil, men er open, så lenge ein aktuell jobb er der. Dei møter stand på stand med bedrifter som for det aller meste forsterkar inntrykket dei allereie har: Mjuke fag har Sogn og Fjordane forsvinnande lite interesse for. For kva i alle dagar skal ein bruke ein sosialantropolog til? Nei, takke seg til.

Midt i det heile møter dei ein framsnakkar som med store rørsler og høg røyst forkynner rikdommen av moglegheiter som finst for alle unge, håpefulle, berre ein kjem seg til trivselsfylket.– Så flott, vi har studert dette, og kan dette, kven kan vere interesserte i oss, trur du? spør dei, og får den same rungande røysta til svar. – Her flyt over, alt er mogleg. Ein perfekt arena for den som satsar med det rette fokus (eller noko tilsvarande inkjeseiande), forkynner framsnakkaren med trykk på kvart ord før han startar om att på same leksa.

På veg ut går paret forbi ein gjeng ordførarar som har samla seg over halvliterane sine i underetasjen, drøftar og ler kameratsleg seg imellom, godt nøgde med vel avvikla karrieremesse.Paret finn seg ein krok på ein annan pub, sjekkar jobbar på finn.no på mobilane. Konklusjonen står: er du ikkje ingeniør, økonom, sjukepleiar eller lærar er heimfylket ikkje interessert.

For ein utanforståande, og i lys av etterpåklokskapen, er det lett å tenke at det får vere til pass for dei, der dei sit med slike utdanningar som ingen treng. At dei har seg sjølv å takke for å vere så blåøygde å tru på at alt verkeleg ordnar seg for flinke gutar og jenter. Til det kan eg ikkje svare anna enn at det er mykje vi veit no som vi gjerne skulle visst då. I mellomtida sit vi her med jobbsøknadane våre.

Det gjeld slett ikkje berre oss to. I universitetsbyane sit det mange som oss, som vart opplært til at utdanning  er vegen å gå, og at ein skal velje ut frå interesse, ikkje berre matnytte. Særleg er det mange kvinner som har studert samfunnsvitskaplege og humanistiske fag, og som heimfylket no ikkje ser seg nokon nytte i. Ein del av problemet er at heimfylket ikkje veit kva det skal bruke oss til. Her vil eg komme med mi utfordring: prøv ein samfunnsvitar. Trainee, praktikant, prosjektstilling, vikariat, konsulent, kall det kva de vil, men prøv. Vi med mjuke mastergrader er profesjonelle multikunstnarar. Vi er topptrente i å ta til oss, systematisere, analysere og bearbeide kunnskap. Vi har jobba sjølvstendig og sjølvdisiplinert i årevis, og vi har lang erfaring i å sjonglere studier, jobb, verv og sosialt liv.  Så prøv oss, det kan løne seg. Sjølv trefte eg blink med praktikantplass på Nynorsk avissenter. No har eg fått ein fot innanfor arbeidslivet, og arbeidslivet har sett at eg kan brukast til noko nyttig. Eg har fått vist at eg ikkje er øydelagt av universitetet, tvert imot. Og aller viktigast i eit fylke som fryktar alderdommen: For at dei som ønskjer å flytte heim skal klare det, trass i at dei står med diffuse titlar på vitnemåla, treng fleire bedrifter å stille dørene på gløtt for slike som meg. Prøv oss, de vil ikkje angre.

Footer