Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Praktisk informasjon karrieremessa i Bergen 2017

Messa nærmar seg med stormskritt og vi gler oss til å møte dykk og saman profilere karrieremoglegheitane i fylket vårt! Her finn du praktisk informasjon for bedrifter for gjennomføring av Karrieremessa i Bergen 2017!

Har du hugsa å:

  • Sende oss ein kort tekst om bedrifta di, kven de ser etter og eit bilde. Dette skal marknadsførast i forkant og på storskjermen under messene.  Send informasjon til kristine@framtidsfylket.no. På denne lenke kan du sjå eksempel og fjorårets bidrag.
  • Legge ut ledige stillingar og sommarjobbar på miside.framtidsfylket.no. No er det høgsesong for trafikk på framtidsfylket.no!
  • Melde ifrå kven som skal stå på stand for dykk slik at vi kan gjere klar namneskilt og bestille riktig mengde mat.

Praktisk informasjon:

Tidspunkt:
Messa er frå 17:00 – 21:00
Rigging frå kl 12:00 og stand må vere klar 16:15
Nedrigging må skje same kveld. For dei som skal sende vidare materiell må dette merkast godt og plassering blir opplyst om på messene.

Adresse: Grieghallen, Edvard Griegs plass 1, 5015 Bergen

Parkering: Parkeringskjellar under Grieghallen.

Leveringsadresse: Samme som adresse. Merk sendinga godt med «Framtidsfylket Karrieremesse»!

Frakt:
For å sende materiell i forkant sender de dette til adressene som står under. VIKTIG: marker sendingane godt med «Framtidsfylket karrieremesser». Hugs også å bestille returfrakt!
Ta kontakt og opprett eigne avtaler med Bring eller anna speditør.
BRING: http://www.bring.no/sende/gods-og-pallelast/transport-i-norge/transport-av-gods-i-norge

 

Praktisk på stand:

Alle som treng får tilgang på straum, eit ståbord, lave bord er fritt å ta frå vogn, WIFI og avgrensa 3 x 1,5 m golvareal til stand. Ta gjerne med ekstra skøyteledning.
Om de ynskjer skjermar, oppheng, ber vi dykk om å kontakte messelokala direkte.

 

Overnatting Scandic Ørnen: Hotellpåmeldingar via oss er no stengt.

Ta direkte kontakt med Scandic Ørnen og opplys om at dere er bedriftsdeltakarar på Framtidsfylket sin karrieremesse. Da får dere samme pris som resten.

Adresse: Scandic Ørnen, Lars Hilles gate 18, 5008 Bergen
Telefon: 55375000
Pris: 1312 kr.pr. rom
Parkering: Overnatting på Scandic Ørnen gir rabatt både i bygarasjen og parkeringshuset under Grieghallen. Trekk billett som vanleg og snakk med resepsjonen.

 

 

Nettverksfest på Grand!

Bli med på nettverksfest på Grand Selskapslokaler etter messa!
Der vert det minikonsert med Line Dybedal, eigen DJ og sosial gathering med høve til å kjøpe mat og drikke.
Adresse: Nedre Ole Bulls plass 1, 5012 Bergen

 

Marknadsføring:

Marknadsfør dykk i forkant av messene! Uavhengig om de har ute ledige stillingar eller ikkje, bruk facebooksidene dykkar, heimesidene, nyheitsbrev, og fortel folk at dei kan møte dykk. Del gjerne kva kompetanse de ser etter!

Jungeltelegrafen virkar! Oppfordre alle de kjenner i Bergen til å kome, og å invitere med ein ven på messene – bruk både private- og jobbnettverk!
Her er lenker til facebookarrangementet Bergen. Inviter, inviter og inviter!

Døme: «Det skjer mykje spennande i selskapet vårt i 2017. Vi er på jakt etter personar med driv som har kompetanse innan XXX. Er du eller kjenner du ein som er klar for nye faglege utfordringar i året som kjem? Kom og møt oss på karrieremessa i Bergen den 15. februar kl 17 – trykk her for påmelding!»

 

DU kan sjå kven som er påmeldt!

Alle med bedriftsprofil og HR tilgang kan logge inn på miside.framtidsfylket.no og sjå (i fana «påmeldte» til venstre) kven som er påmeldt! Om de finn kandidatar som er interessante for dykk, send dei gjerne ein epost eller kontakt dei i forkant og inviter dei innom standen dykkar. NB! IKKJE bruk desse listene til massepublikasjonar/fellesinformasjon. Ta kontakt om du manglar innlogging/ HR tilgang. Til informasjon så veit vi av erfaring at mange deltakarar også melder seg på fram til eit par dagar før sjølve messene.

Framtidsfylket oppmodar alle deltakarar om å oppdatere CV’ane sine på miside.framtidsfylket.no i forkant av messene. Det er ein stor aktivitet på opplasting av CV-ar frå no og framover våren.

Her er ein liten stemningsrapport frå Trondheim 26.januar: 

Tips til å stå på stand:

Vi forventar over 500 personar innom messa. Dei kjem for å vite meir om kva for karriere Sogn og Fjordane kan tilby dei.

Dette er ein gyllen moglegheit for å nå ut til målgruppene dykkar – nytt den!

  • Prøv å sett dykk inn i situasjonen til dei som kjem. Dei er nysgjerrige, men veit kanskje ikkje kven dei skal snakke med.
  • Ikkje ta for gitt at dei veit kva de jobbar med eller kva for kompetansen de treng.
  • Ver utadvente og imøtekomande!
  • Nytt anledninga til å skaffe kontaktinformasjon! Ha ein konkurranse eller ei notisblokk. Samle inn namn og kontaktinformasjon til nyheitsbrev, vidare kontakt, følgara i sosiale medier, etc. Ein quiz, visittkort eller konkurranse kan vere ein fin måte å «bryte isen», men det viktigaste er at ein er utadvendt og tar kontakt.
  • Gje opplysningar om korleis dei kan kontakte dykk etter messa.

På denne lenka kan du få fleire tips til å stå på stand.

 

Evaluering av messa: 

Evaluering er viktig. Kvart år sender vi ut eit spørreskjema i etterkant av messene både til bedrifter og deltakarar. Kom gjerne med synspunkt på kva som var bra og kva som kunne vore gjort annleis. Denne får du tilsendt på epost.

 

Er det noko de lurer på eller informasjon som manglar? Kontakt oss!

 

Footer