Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Pleier relasjonar på karrieremessa

Rune Støfring (30) besøkte karrieremessa i Oslo for fjerde år på rad, for å oppretthalde eit tett forhold til framtidige arbeidsgjevarar.

Skriven 13.02.2017 under Nyheiter

Støfring har budd i hovudstaden dei siste fire åra og delteke på messa like mange gonger.  Før det var han fast inventar på messa i Bergen.

– Karrieremessene er ein god måte å pleie relasjonen til bedriftene i Sogn og Fjordane. På sikt vil vi gjerne flytte tilbake til fylket, og då er det godt å ha eit nettverk i botn, seier Støfring.

Han er utdanna økonom og jobbar no som forretningsførar for Astrup Fearnley-konsernet.  Han og sambuaren ser for seg framtida i Sunnfjord.

– Det blir rett og slett for mykje køyring, dersom vi skal halde fram med å bu her. Eg køyrer heim til jakt, ski og fiske – då er det lettare å bu der fritidsaktivitetane mine er, smiler Støfring. Ski i marka freistar lite.

– Det er vel og bra det – viss ein vil gå saman med ein million andre, seier Støfring.

 

 

Rundt 450 personar besøkte karrieremessene i Trondheim og Oslo. For mange er det dei 25 traineestillingane som freistar mest.

Evelyn Røed (23) frå Solund og Knut-Lasse Ås Sognnes (23) frå Hyllestad, har blinka seg ut traineestillinga innan landskapsarkitektur hos iVest Consult.

– Vi er begge snart ferdig utdanna landskapsingeniørar, så den er veldig interessant, seier Røed.

– Sogn og Fjordane er svært interessant fagleg for ein landskapsingeniør. Eg drøymer om å bygge vegar. Gode vegar, smiler Sognnes.

Førstkommande onsdag står karrieremessa Bergen for tur, og Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket, ventar minst like mange besøkande i Grieghallen.

– Bergensmessa er den største, og i år har vi rekordmange traineestillingar med oss i kofferten. Så eg reknar med fullt hus i Grieghallen onsdag, seier Rukan.

 

 

Footer