Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Karriereprat: Optimist, det vil gå bra til sist!

Gro Caroline Flølo

Skriven 18.01.2017 under Karriereprat

Eg gløymer ikkje dagen eg takka ja til jobben i Farmhouse. Siste året på designstudiet i Oslo. Planen var å starte eige selskap, og draumen var Petter Stordalen på kundelista. Stryn og Sogn og Fjordane var ikkje i tankane mine. Eit ny-stifta selskap i Stryn «Red House» – (no Farmhouse) – var på leiting etter nokon som ville drive ideen fram. Etter eit møte med idéhavar Moods of Norway var eg så gira på selskapsideen at eg takka ja til jobben, før eg hadde spurt om lønn. Året var 2006, og eg var dagleg leiar i ein alder av 24 med arbeidsplass i Stryn.

Det var optimisten i meg som førte meg heim til Nordfjord og Farmhouse. Eg visste ikkje korleis det ville gå med den nystarta bedrifta, det sosiale eller kjærleiken, men innstillinga var heilt klart at det ville gå bra til sist!

 

 

Triggande konsept
Lang historie kort, eg bur i dag i Måløy, har funne kjærleiken og er fortsatt i Farmhouse. At eg skulle ende opp på ei øy ute i havgapet var nok meininga. Det er noko veldig optimistisk og frigjerande med opent hav og gjerne med både storm og orkan i kasta. Måløy er ein herleg kontrast til Stryn og Loen der eg vaks opp. Som dagpendlar mellom to naturperler, samt to kommunar med eit spennande og innovativt næringsliv, må eg seie meg veldig heldig.

Dette mangfaldet av næringsliv har forma og utvikla meg som designar og Farmhouse som selskap. Etter 10 år har vi jobba med alt frå tekstilbedrifter til maritime produksjonsbedrifter både regionalt og nasjonalt. Ingen arbeidsdagar er like. Å skape idear og konsept som triggar, som er unike og differensierande er noko av det viktigaste eg kan tilføre i mitt arbeid som designar og utviklar.

 

Samarbeidsprosjekt
Å få vere med å jobbe med prosjekt som kan vere med å løyse viktige samfunns-utfordringar er ekstra givande. Som forskningsprosjektet «Reflect Your Moods», der prosjekteiger Moods of Norway saman med Farmhouse og Skandinavias beste forskningsteam Swerea og Sintef, utviklar morgondagens innovasjon innan reflekterande plagg.

I Vågsøy kommune er vi i gang med pilotprosjektet, «Velferdsfabrikken,» med satsing på smartteknologi, for at vi i framtida skal kunne bu heime så lenge og så trygt som muleg. Overføring av kunnskap mellom teknologibedrifter, kommune, skule og befolkning er essensielt i prosjektet.

 

Kreative krumspring
I løpet av ein arbeidsdag som kreativ leiar jobbar eg med alt frå konseptutvikling, marknadsføring til prosessleiing. Den viktigaste ingrediensen i arbeidet er kreativitet. Ein ingrediens som kan vere skremmande for mange. Eg huskar første veka mi på designskulen i Oslo med ekstremt kreative og fritt-talande medstudentar. Det gjorde meg nervøs, eg la band på mine idear og tenkte at alt mitt vart dumt ift. andre. Men, etter kvart hoppar ein i det, sjølvtilliten veks, og med den kjem tryggheita som skal til for å skape gode idear med andre menneske.

Måtte 2017 bli eit år med kreative krumspring, spennande utfordringar og storm i kasta bokstavelig talt!

Hopp i det!

 

Footer