Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Om Framtidsfylket

Framtidsfylket er Sogn og Fjordane si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag portalen framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.

Sogn og Fjordane har eit stort mangfald av spennande arbeidsplassar. Målet til Framtidsfylket er å synleggjere mulegheitene betre for alle som er interessert i ein fagleg interessant jobb i  fylket.

Det er 3 hovudpilarar i vårt arbeid:

Portalen framtidsfylket.no

Nettsida legg til rette for at du kan finne relevante bedrifter eller ledige jobbar, og at bedrifter skal kunne finne deg gjennom CV-databasen.

Framtidsfylket Karrieremesser

Kvart år i januar/februar kan studentar, arbeidstakarar og andre interesserte møte næringslivet frå Sogn og Fjordane på Framtidsfylket Karierremesser i Trondheim, Oslo og Bergen. Vi stiller også med stand på ein del karrieremesser arrangert av andre.

Framtidsfylket Trainee

Traineeprogrammet vårt er eit av landets eldste regionale traineeprogram. Programmet, som er eittårig, er fylkesdekkjande, og har vore ein suksess både for bedriftene og for dei over 100 traineeane som har delteke så langt. Ordninga er open for alle bedrifter i fylket, og 1. desember kvart år legg vi ut nye traineestillingar.

 

Vårt eige magasin – #utanfilter.

Dett blir gitt ut årleg i samband med karrieremessene og inneheld historier av høg kvalitet om fylket, moglegheitar og dei som skapar sin kvardag i fylket. Du kan lese nettutgåva av magasinet her.

 

Samarbeid

Hovudmålsetnaden til selskapet er vekst og verdiskaping for Sogn og Fjordane gjennom tilgang på kompetent arbeidskraft.

Heilt sidan selskapet vart etablert som eige AS i 2009, har fleire aktørar samla seg om arbeidet. Oppslutnaden frå både bedriftene i fylket og arbeidstakarar har vore særs positiv.

Framtidsfylket er eigd av 36 verksemder frå både offentleg og privat sektor. Vi er svært opptekne av samarbeid, og selskapet sine verktøy er tilgjengeleg for alle verksemder.

Footer