Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Karriereprat: Mista jobben i oljenæringa - fekk draumejobben!

Vegard Holsen frå Førde hadde draumejobben i oljen før nedgangen i næringa sette ein effektiv stoppar for karrieren hans. Så naila han traineestillinga i Normatic.

Skriven 02.12.2015 under Karriereprat

Som nyutdanna frå Universitetet i Bergen våren 2013, gjorde eg som så mange andre – eg starta ingeniørkarrieren i eit oljeserviceselskap. På den tida var den gull og grøne skogar i bransjen, og selskapa var ikkje redde for å tilsetje uerfarne arbeidsfolk. Snarare tvert i mot – dei trengde alle dei fekk tak i. Vi fekk raskt ansvar i eigne prosjekt,  fekk reise offshore på synfaringar og neste prosjekt hadde allereie planlagt oppstart. På den tid var det neppe særlig mange som visste at dei innan eitt år ville stå igjen utan arbeid i ein bransje, som så lenge dei hadde vore i han, hadde vore full av prosjekt, utfordringar og høge oljeprisar. Men så, 12.februar 2015, vart eg ein del av statistikken som fortel om stigande arbeidsløyse i Norge. Eg tok det ikkje personleg, for det var ikkje mange som føresåg taktomslaget, eg er ung og forholdsvis uerfaren, men sjølvsagt – som 26-åring ynskjer du ikkje å gå 27-årsdagen din i møte som arbeidsledig.

Men det var akkurat det som skjedde, og utsiktene til ny, relevant jobb verka faktisk ganske fjerne i ein pressa arbeidsmarknad i Bergen. Så frå å berre vurdere ny jobb i byn, sjekka eg ut Framtidsfylket sitt program for karrieremessa i Bergen. Der fann eg Normatic, som søkte etter trainee frå hausten 2015. På messa snakka eg med personalleiaren i selskapet, vart deretter sett i kontakt med gruppeleiaren på Førde-kontoret, og søkte formelt på trainee-stillinga etter samtalen med han. Når eg nokre intervju seinare fekk tilbod om stillinga, måtte eg og sambuaren min ta endeleg stilling til om det var greitt å vere helge- og feriekjærestar det neste året. Ulempa med å takke ja, var først og fremst avstand og pendling. Fordelen var at eg fekk ein jobb eg verkeleg hadde lyst på, i eit leverandørselskap der eg ville få fyrstehandskjennskap til utstyr, installasjon og til automasjonsfaget generelt. Så enden på visa vart at vi samla vurderte moglegheita som for god til å ikkje ta, og vips skulle eg flytte heim og jobbe i Trivselsfylket.

Etter mindre enn tre månadar i jobben, føler eg allereie at eg har lært mykje. Eg har fått tid til å setje meg inn i programma og systema til Normatic i eit tempo som passar meg, og eg har prøve meg på eigne prosjekt. Så langt trivst eg veldig godt. Å jobbe i eit mindre selskap kan i mange tilfelle vere meir utviklande enn å vere éin av mange i eit stor selskap. Hos oss er ikkje avdelingane avskilt meir, og prosjektdeltakarane fleire, enn at dei fleste veit kva alle i prosjektet jobbar med til dagen, kommunikasjonen er ikkje avgrensa til formelle e-postar, og vegen til hjelp er ikkje lenger enn ut av kontordøra og inn neste. I tillegg er det i litt mindre selskap større rom for å kunne gjere ting på sin eigen måte, og vegen frå idé til produkt treng ikkje vere lenger unna enn ein samtale med sjefen.

Mange selskap i Sogn og Fjordane er leiande på det dei driv med, men fordi dei ikkje har milliardomsetningar, kjenner vi ofte ikkje så godt til dei. Det betyr naturlegvis ikkje at arbeidet er mindre interessant, lite relevant for det ein har studert, eller ein dårleg start på karrieren. Snarare tvert i mot – vil ein som nyutdanna og full i iver vere med og utvikle løysingar og selskapet ein jobbar i, kan det vere lurt å sjå mot vest. Mange selskap har, sjølv om dei ikkje er så store sjølv, store kundar og stort potensial. Og det kan gje dei som ynskjer det store moglegheiter.

For meg og sambuaren min, som óg er i frå Førde, har planen alltid vore å flytte attende. Vi hadde rett nok ikkje planlagt at det skulle skje så tidleg for min del, og heller ikkje rett etter at ho var ferdig å studere, men tilfeldigheitene ville det slik denne gongen. Men vi veit kva vi går til: fjellturar, god plass, god tid, sunnfjordingar, familie og vener. Med flust i fritidsaktivitetar og korte avstandar, veit vi at det er ein ypparleg stad for born å vakse opp, når den tid kjem. Naturen og moglegheitene den gjev, er viktig for oss. Utanfor kontortida har eg alle moglegheiter til å gå i fjellet, gå på ski og rulleski. Fjellskoa og rulleskia kan eg spenne på meg på kjøkkenet og velje mellom fleire flotte ruter, og vinterstid er det ikkje langt til Jølster for toppturar eller til Langeland for å gå langrenn.

Så sjølv om Sogn og Fjordane ikkje kan by på alle dei same tinga som storbyane, får ein likevel mykje anna tilbake. Eg trur i alle fall ikkje ein skal vere bekymra for å bli akademisk understimulert på jobb. Og det er berre å sjå rundt seg, legge hovudet ein tanke bakover, og konstatere at –  nei, ein får ikkje fritidsproblem heller.

Footer