Er du glad i folk, god på å finne løysingar og har lyst til å vere med og forme noko nytt? Då kan dette vere jobben for deg.
SUM etablerer no eit nytt kundesenter, og vi søkjer deg som vil ta leiarskapet for denne satsinga. Dette er ei nyoppretta stilling, der du får ein sentral rolle i å utvikle og bygge opp eit moderne og framtidsretta kundesenter.
Vi ser etter ein person som trivst med å samarbeide på tvers, og som ønskjer å bidra til betre flyt, god kundeservice og løysingsorientert dialog.
Arbeidsstad: Elvetorget, Førde
Tiltreding: Etter avtale
Arbeidsoppgåver
- Bygge opp og leie kundesenteret
- Sikre god og effektiv kundedialog via telefon, e-post og digitale løysingar
- Utvikle og følgje opp gode rutinar og system for kundebehandling
- Vere ein del av rekrutteringsprosessen når vi skal utvide teamet
- Samarbeide tett med SumTrans og andre avdelingar i SUM
- Bidra til vidare digitalisering og effektivisering av kundereisa
Kven er du?
- Du har erfaring frå kundesenter, servicearbeid eller leiing - gjerne i kombinasjon
- Du er ein god relasjonsbyggjar som trivst med å jobbe med folk
- Du er løysingsorientert, strukturert og evnar å halde hovudet kaldt når det skjer mykje på ein gong
- Du har god digital forståing og gjerne erfaring med kundesystem
- Du kommuniserer tydeleg og godt, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Ei nyoppretta stilling med høve til å forme di eiga rolle
- Eit godt og engasjert arbeidsmiljø
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår og pensjonsordning
- Ein arbeidsplass med samfunnsansvar og fokus på berekraft