Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Vikariat som sjukepleiar i heimetenestene i Svelgen/Davik | Bremanger kommune | Bremanger | Deltid |
Er du sjukepleiar, og ønskjer å arbeide som sjukepleiar i heimetenstene i Svelgen/Davik området? Då har vi ledig eit 80% vikariat som sjukepleiar frå 01.03.2022 til 31.12.22, med mogelegheit for forlenging.
Heimetenestene i indre del av Bremanger Kommune er samordna som ei teneste. Tenesta blir organisert frå Svelgen, med base både i Svelgen og Davik –samt gode velferdstekniske løysingar.
Vi søkjer etter deg med norsk autorisasjon som sjukepleiar og som beherskar norsk godt både skriftleg og munnleg.
Vi søkjer deg som er motivert, fagleg engasjert, sjølvstendige og interessert medarbeidar. For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar.
Serviceinnstilling, like å arbeide i team og personleg egenaheit vert vektlagt.