Trainee: Informasjonssikkerheit Bilde

Trainee: Informasjonssikkerheit

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vestland fylkeskommune Sogndal Trainee
Vestland fylkeskommune Logo

Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norge
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Anne-Kjersti Stavø Stenehjem
95725658

Søknadsfrist

15. mars 2023 Søk på stillinga her

Du søker direkte til Vestland fylkeskommune på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Om stillinga

Vi søkjer etter ein trainee som ynskjer å utvikle seg innan personvern og IKT-sikkerheit. Har du òg interesse for sikkerheit integrert med utvikling av digitale tenester, er dette kanskje den utfordringa du søkjer.

Som trainee hos oss vil du få varierte og utfordrande oppgåver, jobbe overordna for heile fylkeskommunen saman med personvernrådgjevar, personvernombod og IKT sikkerheitsrådgjevar. Vi legg stor vekt på samhandling og samarbeid på tvers i organisasjonen.

Les meir om oss her: Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune

Arbeidsoppgåver

  • Støtte i gjennomføring av ROS, og personvernkonsekvensvurdering (DPIA) for dei behandlingane som krev det
  • Delta i utvikling av nye løysingar og kontinuerleg forbetring av eksisterande løysingar
  • Vidareutvikle og etablere rutinar for personvern og IKT sikkerheit
  • Gjennomføre haldningsskapande arbeid og opplæring innan personvern og IKT sikkerhet
  • Støtte ved avvikshandtering 

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

  • Minimum bachelor med fag innan informasjonssikkerheit
  • Kunnskap om personvern og IKT sikkerheit
  • Du er nyutdanna (maks tre års erfaring etter endte studiar) med eit brennande ønskje om å bli trainee

Det er ein fordel med:

  • Master med fag innan informasjonssikkerheit
  • Fagleg oppdatert på trusselbilete og trendar innan IT sikkerheit
  • Kjennskap til ISO 27001 eller tilsvarande

Personlege eigenskapar

  • God evne til å kommunisere og samarbeide med ulike målgrupper
  • Likar å samarbeide med andre
  • Jobbar sjølvstendig
  • Løysings- og resultatorientert
  • Strukturert og analytisk med stor gjennomføringsevne
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Eigen mentor
  • Fleksibel arbeidstid
  • Utviklingsprogram gjennom Framtidsfylket
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.