Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Kommunikasjon | Solund kommune | Solund | Trainee |
Du søker traineestilling hos Solund kommune, men søknaden sender du til Framtidsfylket.
Vi søkjer deg som vil vera ein del av vår satsing på kommunikasjon. I ein liten kommune blir arbeidserfaringa di mykje breiare enn elles – du får prøvd deg på mange fagområde, og sett spor etter deg om du vil. Det er ein fordel om du likar å bli kjent med nye folk, for du vil samarbeide med alle avdelingar i kommunen, og med organisasjonsliv, innbyggjarar og næringsliv.
Som trainee for kommunikasjon vil du bli ein del av eit nytt og utviklingsorientert fagmiljø i kommunen. Stillinga er plassert i den nye sektoren for samfunns- og næringsutvikling, som skal fremja samspel med Solund-samfunnet, og næringslivet, og arbeide på tvers av kommuneorganisasjonen. Målet vårt er å gjere Solund kjent som bu- og arbeidsstad, og styrke omdømet til kommuneorganisasjonen. Næraste leiar er leiar for samfunns- og næringsutvikling.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024. I løpet av året får du ta del i Framtidsfylket sitt traineeprogram:
Solund kommune ser etter ein trainee som kan tilføre oss kunnskap, inspirere oss og ikkje minst sjå potensialet i å satse på kommunikasjonsarbeid. Vi vil leggje til rette for at du får personleg utvikling, kompetanseheving, kunnskap om offentleg sektor og samfunns- og næringsliv, og byggje fagnettverk i og utanfor kommunen.
I stillinga vil du jobbe med nyhendestoff, kampanjar, intern kommunikasjon og vera ein sentral medspelar for kommunen sine representantar.
Solund har ein eigen utviklingssektor mellom anna for å få til gjennomføringskraft, rom for utviklingsoppgåver og mobilisere for gode løysingar. Hjå oss er det stor takhøgde for nye idear, og opne faglege diskusjonar.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Arbeidstida varierer ein del, med ein del arbeid på kveldar og i helger. Stillinga er plassert som rådgjevar/konsulent avhengig av kvalifikasjonar. Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju. Prøvetid 6 månadar.
Arbeidsspråk: Nynorsk. Du får kollegastøtte til nynorsken om du treng det.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Leiar for samfunns- og næringsutvikling Trond Sæbø Skarpeteig tlf. 900 58 182. E-post Trond.Saebo.Skarpeteig@solund.kommune.no
Velkomen som søkjar!
Folk flyttar ikkje til Solund berre for spektakulær natur. Folk flyttar hit på grunn av spanande jobbar, og eit godt lokalsamfunn. Du kan bu nær jobben, og ha meir fritid. Solund er i rivande utvikling, med vekst i havbruk, store byggjeprosjekt, og ambisjonar for eit inkluderande samfunn. Solund er fleirkulturelt.
Øyriket Solund ytst i Sognefjorden er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar. Solund byr på unike naturopplevingar og har i tillegg gode idretts- og kulturtilbod. Vi har eit godt utvikla tenestetilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Alle er velkomne til Solund kommune, og ein blir godt ivaretatt av lokalsamfunnet.
Dette er berre eí av femti traineestillingar i Distrikt-Vestland, sjekk ut alle her:
Årets Traineestillingar | Framtidsfylket.no