Trainee: Økonomi og administrasjon Bilde

Vestland Fylkeskommune Stab søker økonomi og administrasjonstrainee

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Økonomi og administrasjon Vestland fylkeskommune Sunnfjord Trainee
Vestland fylkeskommune Logo

Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norge
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Odd Kenneth Mellingen
454 88 612

Søknadsfrist

1. april 2022 Søk på stillinga her

Du søker direkte til Vestland fylkeskommune på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Om stillinga

Trainee-stillinga er lagt til stabsseksjonen med tenestestad Førde hos Avdeling for kultur, idrett og inkludering. Staben sine hovudoppgåver er innan økonomi, innkjøp, HR, kommunikasjon og dokumentbehandling.
Staben samordnar og gir retning for avdelinga sitt arbeid med fellesoppgåver og oppgåver som elles ikkje fell inn under dei enkelte fagseksjonane. Andre viktige oppgåver er tilskotsforvaltning.

Vidare har staben som eit av hovudmåla å avlaste og forenkle drifta i linja. Døme på slike oppgåver er felles økonomistyring av rekneskap og budsjett, post/arkivtenester og støtte linjeleiarane i rekrutteringsprosessar. Staben skal sjå til at aktuelle rutinar og regelverk vert ivareteke, syte for tilskotsoppfølging og støtte arbeidet med bruk av elektroniske verktøy, og sjå til at dette vert følgd opp i samsvar med gjeldande retningsliner.

Arbeidsoppgåver

  • Ta del i budsjett- og rekneskapsarbeidet i avdelinga
  • Oppfølging av og kontroll med tilskotsordningar
  • Gi hjelp og støtte til linjeleiinga innan felles IT-løysingar som økonomi, personal og dokumentbehandling m.v.
  • Ekspedisjonsteneste
  • Andre arbeidsoppgåver som naturleg fell inn under stabsoppgåvene

Kvalifikasjonskrav

  • Du har minimum bachelorgrad innan økonomi og administrasjon.
  • Du er nyutdanna (maks tre års erfaring etter endte studiar) med eit brennande ønskje om å bli trainee.
  • Du er kjent med Office-pakken

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Om deg

  • Du er strukturert og sjølvstendig
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er fleksibel
  • Kreativ og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Eige kontor i våre moderne lokale sentralt i Førde
  • Eigen mentor
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale
  • Arbeidsvilkår, pensjon og forsikringar i samsvar med kommunal tariff
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Som deltakar i traineeprogrammet til Framtidsfylket får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Utviklingsprogram gjennom Framtidsfylket sitt trainee-program

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.

Andre opplysingar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.