Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Bremanger kommune | Bremanger | Fulltid |
Er du sjukepleiar og ønskjer deg ei fast heil stilling med gode kollegaer og spennande oppgåver? I Bremanger kommune, for tida Svelgen Omsorgssenter – er det ledig 100% fast sjukepleiarstilling.
Svelgen Omsorgssenter stod ferdig i mars 2016. Her bur pasientane i lyse og trivlege omgjevnader og medarbeidarane har fått ein heilt moderne og tilrettelagd arbeidsplass.
Arbeidsdagen hos oss er variert, kor du lærer mykje på kort tid. Svelgen Omsorgssenter har 48 bueiningar, fordelt på 5 avdelingar. Avdelingane er fordelt etter diagnoser og ulike hjelpebehov. Vi har også eit lindrande rom.
Vi har eit spanande legevaktsatelitt tilbod som sjukepleiarane våre deltek i.
Vi arbeider i for tida i årsturnus, kor medarbeidarane har anledning til å få innverke på arbeid –og fritida si.
Vi har fleire ressursteam, der det er mogleg å fordjupe seg, m.a. rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft.
Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar. For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar.
Serviceinnstilling og personleg egenaheit vektleggas
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!