Sjukepleiar i heimesjukepleien, open omsorg Indre

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Bremanger kommune Bremanger Fulltid

Om stillinga


Det er ledig ei fast stillingar som sjukepleiair i 100% Bremanger kommune, for tida i heimesjukepleien i Svelgen/Davikområdet frå 01.08.2022

Arbeidsoppgåver

  • sjukepleiefaglege oppgåver hjå pasientane
  • stor bredde i pasientgruppa, både når det gjeld alder og medisinske behov
  • heilskapleg omsorg for eldre mennesker
  • vareta pasientane sine individuelle behov
  • moglegheit å delta i ressursgruppe
  • dokumentering, rettleiing, undervisning m.m.
  • Kvardagsrehabilitering
  • kartlegging av tenestebehovet

    Bremanger Kommune er med i Legevaktspilotprosjektet med SYS-IKL. Sjukepleiarane ved Svelgen Omsorgssenter er ein del av den, men det er opna opp for at sjukepleiarane i heimesjukepleien og kan bli med i piloten.

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer etter personar med offentleg godkjenning som sjukepleiar.

Du må:

  • ivareta pasientane sine individuelle behov
  • ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • gjerne ha erfaring innan akuttmedisin
  • like å arbeide i team
  • vere innstilt på endringar
  • legge fram politiattest av nyare dato
  • ha førarkort for personbil klasse B
  • beherske norsk godt både munnleg og skriftleg

Om deg

Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar.

For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar.

Serviceinnstilling og personleg eignaheit vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer med godt humør og stå-på vilje
  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
  • God pensjonsordning, og heildøgns forsikring
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
  • Dersom du har ansiennitet under 10 år, vil du få løn over tariff som rekrutteringstiltak

Heimetenestene i indre del av Bremanger Kommune er samordna som ei teneste. Tenesta blir organisert frå Svelgen, med base både i Svelgen og Davik –samt gode velferdstekniske løysingar.

Vi arbeider i årsturnus og dei tilsette har ein stor moglegheit til å kunne påverke arbeids –og fritida si, ved å kome med ønsker i forkant av turnusskrivinga.

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode medarbeidarar!