Sakshandsamar i barneverntenesta

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Bremanger kommune Bremanger Fulltid

Om stillinga

Bremanger kommune har ledig 100% fast stilling som sakshandsamar, for tida i barneverntenesta. Stillinga er ledig frå snarast. Den som vert tilsett må pårekne seg å delta i barnevernsvakt

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer etter ein person med utdanning som sosionom eller barnvernspedagog.
Det er fint om du har relevant erfaring, og gjerne vidareutdanning retta mot arbeid i barnevernet.

Om du har anna relevant høgskuleutdanning er du velkomen til å søkje.
Desse utdanningane er ønskelege, men ikkje eit krav:

  • PMTO utdanning
  • COS utdanning

Den som vert tilsett må:

  • ha gode norsskunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • ha førarkort klasse B
  • legge fram politiattest av nyare dato

Om deg

Personlege eigenskapar: evne til å jobbe sjølvstendig, og i team, vise fleksibilitet og samarbeidsevne.

Det vert lagt stor vekt på personleg eignaheit.



Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • God pensjonsordning og heildøgns forsikring
  • Tilsetjing etter gjeldande lover og reglar
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato ·