Sogndal kommune Hovedbilde

Rektor

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sogndal kommune Sogndal Fulltid

Om stillinga

Rektor ved Kaupanger skule

Om stillinga

Me søkjer rektor ved Kaupanger skule snarast då noverande rektor skal over i ei anna leiande stilling i Sogndal kommune. Skulen ligg sentralt til på Kaupanger med naturen og næringslivet tett på seg. Dette innbyr til ei relevant, variert og framtidsretta opplæring for barn og unge. Skulen samhandlar difor tett med barnehagane i bygda, næringslivet, lag og organisasjonar. Bygda er i sterk utvikling og eit nyoppretta vitesenter, Vite Meir, like i nærleiken av skulen inspirerer og motiverer elevar og lærarar. Skulen har allsidig og god kompetanse i personalgruppa og har tilpassa seg den raske IKT – utviklinga på ein god måte.

Som rektor ved Kaupanger skule skal du leia omlag 35 engasjerte tilsette som jobbar for at elevane skal oppleve ein trygg og god skulekvardag. Elevtalet er om lag 200 frå 1. klasse til og med 10. klassesteg. Alle på skulen skal inkluderast og møtast med respekt og positivitet som skapar eit godt, motiverande og trygt læringsmiljø for elevane, og eit utviklande og spennande arbeidsmiljø for dei tilsette.

Skulen er også ein del av ein større heilskap – Sogndalsskulen. Som rektor er du også ein del av fellesskapet for skuleleiarar i ein ny og relativt stor organisasjon. Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og dine tilsette sikra god kvalitet og utvikling for elevane uavhengig av kvar dei bur i vår langstrakte kommune.

Me søkjer ein relasjonssterk og inkluderande leiar til å leia Kaupanger skule vidare.

Arbeidsoppgåver:

  • Pedagogisk utviklingsarbeid gjennom profesjonsfellesskap og samarbeid
  • Samspel med elevar, foreldre og nærmiljø
  • Elevane sitt læringsmiljø
  • Personalansvar og oppfølging av dei tilsette
  • Økonomiansvar, administrasjon og partssamarbeid

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare pedagogisk utdanning
  • Ynskje om formell leiarutdanning og leiarerfaring
  • Erfaring frå undervisning eller administrativt arbeid i skulen
  • Gjerne erfaring med- og kunnskap om relevant lov- og avtaleverk
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God kjennskap til bruk av digitale læremiddel i opplæringa

Personlege eigenskapar:

  • Gode mellommenneskelege eigenskapar, engasjement og evne til å ta initiativ
  • Evne til å jobba både i team og sjølvstendig.
  • Strukturert, tydeleg og målretta
  • Stor arbeidskapasitet
  • Fleksibel, tilpassingsdyktig og har evna til å handtere nye utfordringar
  • Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
  • Eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk med evna til å sjå teori og praksis i samanheng.

Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar.

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Spanande og krevjande arbeidsoppgåver med stor grad av sjølvstende
  • Gode moglegheiter for eigen kompetanseutvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og velferdsordningar

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt Easy Cruit.