Luster kommune Hovedbilde

Reinhaldar og aktivitør

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Luster kommune Luster Fulltid

Om stillinga

Hafslo omsorgssenter har ledig 100 % fast stilling som reinhaldar og aktivitør. Ein kan søkje på deler av stillinga.

Hafslo omsorgssenter yter tenester i form av omsorgsplassar med heildøgns tenester og tenester til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad. Omsorgssenteret har eit spesialisert tilbod for demensomsorg.


Arbeidsoppgåver

  • Stillinga er delt mellom reinhald, aktivitetsstove og pleie
  • Reinhaldsoppgåvene omfattar vask av omsorgsbustader og omsorgsplassar, reinhald i private heimar og vask av fellesareal på omsorgssenteret. Reinhaldsoppgåvene er på dagtid, og utgjer om lag 45% av stillinga
  • Aktivitør på aktivitetsstove. Aktivitetsstova er eit tilbod for heimebuande og bebuarar på omsorgssenteret. Aktivitetsstova er open kvar tysdag og torsdag på dagtid, og henting og bringing av brukarane er ein del av arbeidsoppgåvene. Aktivitøroppgåvene utgjer 42% av stillinga
  • Arbeid kvar tredje helg i pleien på omsorgsplass

Kvalifikasjonskrav

  • Krav til førarkort for personbil
  • Det er ynskjeleg med erfaring som aktivitør/miljøarbeidar
  • Det er ynskjeleg med erfaring innan pleie
  • Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar som evne til samarbeid, struktur og fleksibilitet

Vi tilbyr

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Luster kommune Kulturbilde