Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Rådgjevar ruteplanlegging | Vestland fylkeskommune | Fulltid |
Våre reisetal viser 62 millionar påstigingar på buss, båt og bybane i Vestland i 2021. I rushtida er det nærare 1000 bussar i sving for å frakte folk til arbeid og skule, og vi kjøper transporttenester for over fire milliardar i året. Vårt arbeid med planlegging av kollektivtrafikken påverker kvardagen til mange, og vi har stor respekt for oppgåva. No treng vi fleire med på laget!
Kollektivtilbodet skal framstå som eit attraktivt, enkelt og riktig val for dei reisande. Dette krev systematisk arbeid med å bygge opp eit samanhengande kollektivtilbod som er enkelt og tilpassa reisebehova til dei fleste. Det planlagde rutetilbodet med tilhøyrande data er informasjonsgrunnlaget for all informasjon til kunden, og bestillinga til dei som køyrer for oss. Data om rutetilbodet er også eit stadig viktigare grunnlag for å utvikle nye mobilitetstenester til dei reisande.
Vi skal no rekruttere ein ny rådgjevar ruteplanlegging, som vil ha hovudfokus på planlegging av rutetilbodet i definerte geografiske område.
Arbeidsstad for stillinga er Førde, Leikanger eller Bergen. Skyss i Bergen er midlertidig lokalisert på Sandsli i påvente av nye lokaler i sentrum som skal stå klare i februar 2023.
Vår nye rådgjevar vil inngå i ei faggruppe som skal sørge for detaljplanlegging av det samla rutetilbodet i Vestland, for både buss, bybane, båt og ferje. Det er tett samarbeid med våre leverandørar av transporttenestene om ruteplanlegging og effektiv drift i kollektivsystemet. Som ruteplanleggar vil du også inngå i samarbeid med alle delar av Skyss-organisasjonen, i ulike prosjekt, drift- og utviklingsoppgåver.
Dei viktigaste oppgåvene for stillinga er
Du får ansvar for å planlegge din eigen arbeidskvardag ut frå oppgåver og fristar.
Vi treng deg som har høgare utdanning innanfor relevante fagområde, fortrinnsvis på masternivå. Relevante fagområde kan vere til dømes logistikk, produksjonsplanlegging, operasjonsanalyse, optimering, matematikk, ingeniørfag eller IT. Du må gjerne ha kompetanse innan kollektivtrafikk, ruteplanlegging, planlegging av transport, effektiv logistikk, produksjonsplanlegging eller liknande. Kjennskap til planleggingsverktøy for kollektivtrafikken, og generelt høg IT-kompetanse og forståing for moglegheitene med store datamengder, digitalisering og automatisering er ein fordel. Vi oppfordrer også motiverte nyutdanna kandidatar å søke!
Vi tenker at du må vere
Andre opplysningar
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke. Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.
Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.
Skyss utviklar framtidas reiseoppleving, og skal tilby attraktiv mobilitet og bidra til berekraftige byar og bygder i Vestland. Skyss har som mål å gje den enkelte moglegheit for å reise berekraftig frå der du er til dit du skal. Dette gjer dei ved å utvikle og tilby kollektiv- og mobilitetstenester. I dag omfattar det buss, bybane, ferje og båt i heile Vestland fylke. Skyss sitt arbeidsfelt vil gå igjennom store endringar i åra som kjem. Vi arbeider aktivt med bidrag til å nå klimamåla i Parisavtalen, og gjennomgår ein forretningsmessig og digital transformasjon som gjev moglegheiter for å sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få til dette må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og framtidas mobilitetstilbod. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune med om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.