Vil du arbeide med forbetring, pasienttryggleik og andre område innanfor kvalitetsarbeid? Vi har ledig 100% stilling som rådgjevar i seksjon Kvalitet og pasienttryggleik.
Ved eventell intern tilsetting kan det bli ledig 100% årsvikariat. Ber om at det blir opplyst i søknaden om det er av interesse.
Seksjonen søkjer ein dyktig, verdiorientert og driftig rådgjevar med relevant fagleg bakgrunn og /eller særleg interesse for fagfeltet til arbeidet med pasienttryggleik, kvalitet-, og forbetringsarbeid. Du må evne å setje deg inn i mange ulike saker og fagområde på kort tid, og ha lett for å samarbeide med ulike kompetansemiljø og personar. Seksjonen er del av Fag og utviklingsavdelinga, og arbeider tett saman med Fagdirektør og Utviklingsdirektør.
Seksjon Kvalitet og pasienttryggleik har ei tverrfagleg samansetjng med tilsette frå ulike helsefag og arbeider tverrgåande i heile i føretaket på følgjande område :
- Pasienttryggleik og forbetringsarbeid
- Forbetringsmetodikk
- Melding om og oppfølging av uønska hendingar
- Læring på tvers
- Legemiddeltryggleik
- Styrande dokumentasjon, interne og eksterne systemrevisjonar
- Saksutgreiing og sekreteriat for ulike utval
- Tilsynssaker, klage frå pasient- og pårørande og saker til Norsk pasientskadeerstatning
- Brukarundersøkingar og brukarmedverknad
- Kliniske fagprosedyrer og kvalitetshandbok
- Kvalitetsregister
- Smittevern
- Miljø og samfunnsansvar
Seksjonen deltek og i ulike lokale, regionale og nasjonale utviklingsprosjekt.
Rådgjevar arbeider sjølvstendig innanfor sine oppgåver. Evne til heilskapstenking, tydeleg kommunikasjon, og å arbeide strukturert vert sett på som viktige eigenskapar.
Arbeidsoppgåver
- Rettleie og følgje opp ulike kvalitetsforbetringsarbeid og prosjekt i organisasjonen
- Utgreiing av sakerog saksbehandling
- Delta i arbeid med ulike pasienttryggleikstiltak og forbetringsarbeid
- Leie eller delta i prosjekt knytt opp mot aktuelle arbeidsområde
- Bistå i arbeid med uønska hendingar og læring på tvers
- Delta i revisjon og anna kvalitetsikringsarbeid
- Bidra i arbeidet med ulike system og verktøy som seksjonen har ansvar for
- Førebu, delta i og koordinere saker til råd og utval som er knytt til pasienttryggleik og kvalitet
- Bidra i regionale prosessar og arbeid knytt til arbeidsområde
- Andre oppgåver som er knytt til ansvarsområde for seksjonen
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning og erfaring/kompetanse innan forbetringsmetodikk og frå forbetringsarbeid /prosjektarbeid
- Erfaring frå/kjennskap til spesialisthelsetenesta
- Utdanning og erfaring med metodisk- og systematisk arbeid
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse
- Eventuell annan relevant kompetanse og erfaring som kan kompensere for utdanning
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Du bør ha erfaring frå utvikling av rutiner og prosedyrer
- Utdanningsretning: Helsefag
- Utdanningsnivå: Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad/master
Personlege eigenskapar
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du er målretta, og får oppgåvene gjort
- Du må ha god struktur og arbeide systematisk
- Du har engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du må tole å stå i krevjande situasjonar
- Du kommuniserer på ein tydeleg måte både munnleg og skriftleg,
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Vi søkjer ein driftig fagperson som likar å finne gode løysingar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling i eit tverrfagleg miljø