Sogndal kommune Hovedbilde

Prosjektleiar investeringsprosjekt

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sogndal kommune Sogndal Fulltid

Om stillinga

I Sogndal er det fin utvikling og stor aktivitet på mange område. Også i kommunen er det stor aktivitet med mange investeringar og spennande små og store byggeprosjekt. Som prosjektleiar vil du ha ansvar for utvikling og gjennomføring av slike prosjekt. Me vil ha fokus på god koordinering i planleggingsfasen med involvering av rette brukargrupper og fagleg kompetanse for å få forma gode prosjekt. I gjennomføringsfasen vil det vere eit ansvar for at gjennomføringa skjer i tråd med planar og avgjerer med tanke på framdrift, HMT, økonomi og rapportering. Stillinga er plassert i stab i Bygg og eigedomseininga og vil inngå i ei fagmiljø som har ansvar for byggforvaltning, utviklingsprosjekt innan byggdrift og planlegging og gjennomføring av investeringsprosjekt. Det er ytterlegare to stillingar knytt til prosjektgjennomføring i staben.

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføring av investeringsprosjekt med hovudvekt på bygg frå planlegging til ferdig prosjekt

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som byggingeniør, sivilingeniør eller anna relevant byggteknisk/prosjekt utdanning. Lang erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Erfaring som prosjektleiar bygg eller anlegg, fortrinnsvis innanfor større byggeprosjekt

Ynskte kvalifikasjonar

  • Kunnskap om offentlege innkjøp, kontraktar og avtalar.
  • Erfaring med samspelet i prosjektet sine fasar, frå administrativ og politisk samspel til involvering av brukarar og entreprenørar
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • God IT-kompetanse.

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og ryddig
  • Kvalitetsmedviten
  • Gode evner kommunikasjon og evne til å få til konstruktivt samspel mellom partar med ulike roller og interesser.

Personlege eigenskapar er viktige og vil i stor grad bli vektlagt

Me tilbyr

  • Ein spennande og utviklande jobb med mange ulike typar investeringsprosjekt.
  • Utfordrande oppgåver i samspel med ulike brukargrupper, administrasjon og politikk
  • Gode pensjons og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Moderne og utviklingsorientert organisasjon med digitalt fokus

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.