Ynskjer du å jobbe som prosjektleiar i ein liten kommune med stor aktivitet?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Prosjektleiar Gulen kommune Gulen Fulltid
Gulen kommune Logo

Gulen kommune

Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Einingsleiar Kristoffer Elvebakke
57782031

Søknadsfrist

18. august 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som prosjektleiar, med oppstart snarast/ etter avtale. Stillinga ligg til eining eigedomsforvaltning, der me er 24 tilsette som hovudsakleg jobbar med bygg/eigedomsforvaltning, reinhaldsteneste, veg, vatn og avløp samt prosjekt/ byggeleiing innanfor fagfelta.

Fakta om stillinga

Gulen kommune har fleire større og mindre prosjekt under gjennomføring og planlegging. Denne stillinga vil i hovudsak gjelde investeringsprosjekt innafor fagfelta VA samt bygg og anlegg, men ein må også delta med driftstiltak ved behov. Aktuelle prosjekt er mellom anna utbygging av kommunalt bustadfelt, avløpssanering, oppgradering av kommunalt vassverk, utredningar om overtaking av private vassverk mm.

Arbeidsoppgåver:

  • Prosjektleiing innan VA, bygg og anlegg i alle fasar jamfør regelverk for prosjektgjennomføring
  • Styring og koordinering av eksterne rådgjevarar, konsulentar og entreprenørar
  • HMS ansvar innafor sitt ansvarsområde
  • Saksførebuing for politisk handsaming
  • Informasjonsflyt til nivå over, samt politisk nivå
  • Kommunikasjon med grunneigarar, innbyggarar og fagmiljø, både skriftleg og munnleg
  • Gjennomføre ulike prosjekt i ordinær drift og andre administrative prosjekt
  • Bruke og halde ved like driftssystem som SD anlegg og FDV system.
  • Bidra med vedlikehald/ investeringsplanlegging innafor fagfelta
  • Ansvar for arkivering av dokumentasjon i forbindelse med sitt arbeid, jf- arkivlov. Gulen kommune brukar Acos WebSak som saksbehandlingssystem.
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Jobben er variert og sette krav til at du er nøyaktig, løysingsorientert og sjølvstendig.

Stillinga krev sjølvstendigheit. Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med drift, saksbehandling, byggeleiing/ prosjektgjennomføring samt kunnskap om offentleg forvaltning.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning på bachelor nivå innafor eit av nemnt felt VA, anlegg eller bygg
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Kunnskap om offentleg anskaffing
  • Kjennskap til aktuelt lovverk
  • Gode IT kunnskap
  • Gode norskkunnskap skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Krav om førarkort kl B

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å raskt sette seg inn i nye problemstillinger
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Strukturert, systematisk og leverer arbeid av god kvalitet
  • Løysingsorientert, beslutningsdyktig, fleksibel og sørvisinnstilt
  • Har gode samarbeidsevner og er ein god lagspelar
  • Er initiativrik og likar å halda seg fagleg oppdatert

Å vere personleg eigna vil bli vektlagt ved tilsetjing

Vi tilbyr:

  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Allsidige arbeidsoppgåve
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Anna:

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering