Prosjektingeniør - Teknisk driftsavdeling Bilde

Prosjektingeniør - Teknisk driftsavdeling

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Prosjektingeniør - Teknisk driftsavdeling Helse Førde Sunnfjord, Høyanger Fulltid
Helse Førde Logo

Helse Førde

Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Avdelingssjef Terje Jan Nes
415 30 517

Søknadsfrist

13. oktober 2024 Søk på stillinga her

Teknisk drift Byggleiing ved Førde sentralsjukehus har i dag engasjerte kollegaer med høg fagleg kompetanse.

Vi har ansvaret for energieffektiv og miljøvennleg drift, vedlikehald av bygningsmassen, tekniske anlegg og teknisk infrastruktur, totalt cirka 100 000 m2. Driftsavdelinga gjev også støtte ved gjennomføring av byggeprosjekt, enten som nybygg eller som tiltak i eksisterande bygningsmasse.

I komande år vil utvikling av drifta fortsetje, med fokus på teknisk vedlikehald og utvikling av bygningsporteføljen vår. Dette stiller høge krav til vår avdeling med omsyn til organisering, planlegging og kompetanse. Ambulansestsjonane i Helse Førde sitt område er også del av portefølgjen.

Arbeidsoppgåver

  • Leie små og mellomstore prosjekt frå planleggingsfase til ferdigstilling, inkludert nybygg, tilpassing, rehabilitering og vedlikehald av bygg og infrastruktur
  • Koordinering med interne og eksterne aktørar som arkitektar, entreprenørar, konsulentar og offentleg mynde
  • Sikre prosjekterleveranse i tråd med tidsplan, budsjett og kvalitetskrav
  • Delta i utarbeiding av anbudsdokument og kontrakter
  • Oppfølging av HMS-krav og sikring av eit trygt arbeidsmiljø i prosjekta
  • Økonomisk oppfølging, budsjettering og rapportering av prosjektstatus
  • Evaluering av prosjekt og implementering av forbetringstiltak, jamfør foretaket sitt kvalitetssystem

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på master/ingeniør eller fagskule nivå fortrinnsvis innan bygg- og anleggsteknikk
  • Lang erfaring og solid kompetanse kan i særlege tilfelle kompensere for utdanningskrav
  • Erfaring frå prosjektarbeid/prosjektleiing innan bygg, gjerne frå offentlig sektor
  • Ønskjeleg med kunnskap og erfaring innan offentlege anskaffingar og kontraktsoppfølging.
  • Byggherre sin representant i prosjekteringsfasen, byggefasen og overtakingsfasen
  • Minimum 10 års relevant erfaring innan prosjektleiing og byggeleiing frå offentleg eller privat verksemd

Personlege eigenskapar

  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel
  • Evne til å leie og drive prosessar og prosjekt framover
  • God evne til munnleg og skriftleg framstilling
  • Leggje til rette for god brukarinvolvering
  • Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp


Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Moglegheit for relevante kurs
  • Kompleksitet i oppgåver gjev meiningsfylt arbeid og personleg utvikling
  • Sosialt og inkluderande arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no . Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.