Bu- og miljøtenesta, Stadlandet

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Miljøterapeutar til bufellesskap med ny turnusordning - stillingane har langvaktturnus Stad kommune Stad Fulltid

Om stillinga

Vil du vere med og utvikle gode helsetenester i Stad kommune?

Bu- og miljøtenesta i Stad kommune ved avdeling Trivelig har ledig 4 x 100 % fast stilling som miljøterapeut med tenestestad Stadtlandet. Stillinga er inkludert 20 % frie timar. Turnusen er lagt opp med døgnvakter eller langvakter i samla arbeidsperiodar og lange fri periodar. Stillingar er ledige frå oppstart av ny årsarbeidsplan 05.12.22.

Bu- og miljøtenesta er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har fleire tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar i ulik alder og livssituasjon. Det overordna målet for bu- og miljøtenesta er å bidra til at tenestemottakarane oppnår høgast mogleg grad av livskvalitet.

Arbeidsoppgåver

  • Vernepleie- og miljøterapeutiske oppgåver, miljøterapi, omsorg og behandling
  • Skape ein god heim
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer

Kvalifikasjonskrav

  • Helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå , eller helsefagarbeidarar med erfaring frå 2:1 eller 1:1-tiltak
  • Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Om deg

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • På denne arbeidsplassen er det i hovudsak behov for mannlege søkjarar

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid
  • Høve til å skape eit godt arbeidsmiljø i nye lokale
  • Høve til fagleg utvikling
  • Vi legg til rette for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.
  • Ekstra lønstillegg til dei som går i 2:1-tiltak.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Vi tilbyr flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår

Stad kommune har god båtkorrespondanse til Bergen og nærflyplass i i Gloppen - Sandane Anda lufthamn.

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Referansar skal leggast ved. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med einingsleiar Katrine Holvik Skinlo eller avdelingsleiar Ann Charlotte Jansson.