Miljøterapeut ved Åsateigen/Solsikka (2. gongs utlysing)

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Gloppen kommune Gloppen Fulltid
Gloppen kommune Logo

Gloppen kommune

Grandavegen 9
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Synnøve Marie Hestenes
578 83 800

Søknadsfrist

23. oktober 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Miljøarbeidertenesta yter tenester til menneske med psykisk utviklingshemming og psykiske lidingar. Nordåsen, Åsateigen, Åsavegen og Myklebusttunet yter tenester til vaksne bebuarar som bur i eigne bustadar med heildøgnsbemanning. Uteteamet bistår menneske som har behov for teneste i eigne bustadar i kommunen. Solsikka er ein avlastningsbustad for barn og unge 0-18 år.

Avdeling Åsateigen/Solsikka har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut, med arbeid kvar fjerde helg.

Arbeidsoppgåver

  • Kartleggingsarbeid og primærkontaktansvar
  • Sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde
  • Ansvar for koordinering og oppfølging av ansvarsgrupper
  • Samarbeide med tverrfaglege instansar og pårørande
  • Målretta miljøterapi
  • Planlegg, gjennomføre og evaluere miljøterapeutiske tiltak
  • Journalføring

Kvalifikasjonskrav

  • 3 årig helse og sosialfagleg høgskuleutdanning
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Ynskjeleg med erfaring innan målgruppa, men ikkje eit krav
  • Gode IKT-kunnskapar
  • førarkort
  • personlege eigenskapar vektast høgt

    Dersom det ikkje melder seg søkjarar med relevant utdanning, kan det vere aktuelt og tilsette andre med interesse for og erfaring frå denne brukargruppa

Om deg

  • Vi søkjer etter medarbeidarar som har eit sterkt engasjement for denne brukargruppa, og som kan arbeide sjølvstendig, har pågangsmot og er fleksibel.
  • Du har godt humør, god omsorgsevne og flink til å bygge relasjonar.
  • Du er pådrivar for å skape ei god teneste og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du er initiativrik lagspelar som balanserer oppgåvene godt.
  • Du har evne til å skaffe deg oversikt og jobbe strukturert og planmessig.
  • Du er ansvarsbevisst og kan ta sjølvstendige avgjerslar

    Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • At du får påverke og bidra aktivt i å skape ei fagleg utvikling innan det miljøterapeutiske arbeidet.
  • Engasjerte og kvalifiserte kollegaer.
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
  • Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding

WebC-ID: 4565831671