Miljøterapeut i barneverntenesta

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Bremanger kommune Bremanger Deltid

Om stillinga


Bremanger kommune har ledig ei 50% fast stilling som miljøterapeut, for tida i barneverntenesta. Stillinga er ledig frå snarast.

Arbeidsoppgåver

Stillinga vil i hovudsak vere miljøterapeutisk tiltak/arbeid i heimane til familiane tenesta har kontakt med, men om det vert behov i tenesta får du opplæring i høve sakshandsaming.

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer deg som har utdanning som sosionom eller barnevernspedagog.
Det er fint om du har vidareutdanning retta mot arbeid i barnevernet.
Det vert lagt vekt på erfaring frå miljøterapeutisk arbeid.

Andre med relevant utdanning er velkomen til å søkje.

Desse utdanningane er ønskelege, men ikkje eit krav:

  • PMTO utdanning
  • COS utdanning
  • Relevant vidareutdanning.

Dersom du ikkje har PMTO utdanning, men kan tenke deg å ta den, kan vi vurdere å auke stillinga til 70% i utdanningsperioden.


Den som vert tilsett må:

  • ha gode norsskunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • ha førarkort klasse B
  • legge fram politiattest av nyare dato

Om deg

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Vise fleksibilitet og samarbeidsevne

Det vert lagt stor vekt på personleg eignaheit.

Vi tilbyr

  • Gode pensjonsordningar og heildøgns forsikring
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
  • Tilsetjing etter gjeldande lovar og reglar