Luster kommune Hovedbilde

Miljørettleiar/fagarbeidar skule

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Luster kommune Luster Fulltid

Om stillinga

Det vert ledig ca 92 % mellombels stilling som miljørettleiar/fagarbeidar frå 03.10.22 til 31.07.23. Arbeidstida er 37,5 timar pr. veke og utgjer 92% stilling sidan ein i den delen som er knytt til skule har fri på elevfrie dagar. Den som vert tilsett er tiltenkt arbeidsoppgåver både i skule og på SFO.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid med elev i småskulen og på mellomsteget
  • Arbeid i skulefritidsordninga før og etter skuletid

Kvalifikasjonskrav

  • Det er ynskjeleg med 3-årig relevant høgskuleutdanning eller utdanning som barne- og ungdomsarbeidar. Søkjarar med anna relevant bakgrunn og kompetanse kan også bli vurdert.
  • God relasjonskompetanse og gode samarbeidsevner
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing
  • Den tilsette må leggje fram politiattest av nyare dato jf. opplæringslova § 10-9.

Vi tilbyr

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Luster kommune Kulturbilde