Miljørådgjevar i Sogndal kommune Bilde

Miljørådgjevar i Sogndal kommune

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sogndal kommune Sogndal Fulltid

Om stillinga

Me har ledig ei nyoppretta 100% fast stilling som miljørådgjevar i Sogndal kommune. Me søkjer ein person som har lyst til å jobbe og delta i utforminga av Sogndal kommune i framtida, og som ønskjer faglege utfordringar innan miljø, klima, vatn og avlaup i ein vekstkommune. Du vil arbeide på eining for plan og forvaltning med 18 medarbeidarar med brei erfaring og høg kompetanse innan forvaltningsområda våre. Miljø ligg under avdelingsområde landbruk i tenesteområde Plan og forvaltning.

Stillinga omfattar kommunen sitt arbeid med miljø og klima. Utanom forureiningssaker er hovudarbeidsoppgåva å planlegge for, og føre tilsyn med alle private og kommunale avlaupsanlegg der kommunen er tilsynsmyndigheit etter forureiningsforskrifta og sørgje for at desse anlegga ikkje leiar til ureining eller helseplager Dette omfattar også rettleiing til anleggseigarar, kontakt med innbyggjarar, eksterne samarbeidspartnarar og innan kommunen.

Arbeidsoppgåver:

  • Ulovlegheitsoppfølging etter forureiningslova
  • Ulovlighetsoppfølging etter plan- og bygningslova
  • Handsaming av søknadar om utslepp etter forureiningslova kapittel 12, 13, 15
  • Oppfølging av miljøsaker etter forurensingslova som til dømes bilvrak, båtvrak, andre typar forureining- og forsøplingsaker
  • Tilsyn av private avlaupsanlegg
  • Rettleiing til innbyggjarar
  • Deltaking i prosjekt på tvers av einingar i kommunen
  • Gje uttale på aktuelle høyringssaker. Til dømes plansaker som råkar ved fagområdet.

Kvalifikasjonar:

  • Har god kjennskap til fagområdet og evne til å bidra til høg fagleg kvalitet i offentleg forvaltning.
  • Er praktisk anlagt og trivast med feltarbeid.
  • Har relevant høgare utdanning og/eller gjerne relevant arbeidserfaring.
  • Har kjennskap til relevant lovverk, forskrifter, nasjonale føringar og retningslinjer, m.m.
  • Har GIS-kompetanse. Alternativt at du kan lære dette.
  • Er strukturert, løysingsorientert og kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
  • Kan tileigne deg kunnskap og er flink til å kommunisere skriftleg og munnleg.
  • Kan samarbeide med innbyggjarar, fagfolk i kommunen, politikarar, næringsdrivande og konsulentar.

Personlege eigenskapar:

  • Er fagleg engasjert med gjennomføringsevne
  • Kan og forstår å setje deg inn i samansette problemstillingar
  • Kan arbeide sjølvstendig, systematisk og har god arbeidskapasitet
  • Har god rolleforståing, serviceinnstilt og løysningsorientert
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar og samarbeidsevne vil bli vektlagde

Me tilbyr:

  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver i eit etablert fagmiljø
  • Eit ungt, positivt og energisk arbeidsmiljø med høg kompetanse.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Moglegheit til å påverka eigen arbeidsdag.
  • Moglegheit til utvikling av eigen kompetanse.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Løn etter avtale.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.