Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Bremanger kommune | Bremanger | Deltid |
Vi har ledig ei 60% mellombels stilling som miljøarbeidar/koordinator for Open skule.
Arbeidsstad vil vere ungdomsskulane i Bremanger; Davik, Hauge og Svelgen.
Bremanger kommune har tre ungdomskular; på Davik, på Hauge og i Svelgen. Til hausten er der høvesvis 39, 54 og 62 elevar frå 7. t.o.m. 10. klasse. På desse skulane ynskjer vi å etablere open skule ein dag i veka på kvar skule.
Open skule er eit frivilleg tilbod og vert som ei forlenging av skuledagen for 7. til 10. klasse; ein open arena der elevane sjølve vel innhaldet ved anten å delta i kulturskule, idrettsaktivitetar, spele spel, lage mat, gå på leksehjelp eller andre aktivitetar. Vi tenkjer at Open skule skal vare frå skuleslutt og fram til kl. 19.00.
Du som miljøarbeidar vil fungere som koordinator og utviklar for denne ordninga, og gjennom dette vere med i arbeidet med å betre elevane sin sosiale kompetanse og psykiske helse.
For å arbeide som miljøarbeidar må du vere glad i menneske. Du må ha gode samarbeidsevner, kunne vise omsorg og bry deg om andre. Du må vere sjølvstendig, trygg på deg sjølv og kunne setje grenser. Ha eit positivt og optimistisk syn på ungdom. Vere ein trygg ven, tydeleg og god rollemodell for ungdomen.Personlege eigenskapar vil bli lagt stor vekt på.