Mellombels stilling som lærar ved Davik oppvekst

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Bremanger kommune Bremanger Fulltid

Om stillinga

Davik oppvekst er ein 1-10 skule, med ca. 70 elevar. Vi har ledig ei 100% mellombels stilling som lærar frå 01.08.2022 til 31.07.2023

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer etter lærar, med vekt på realfal. Søkjarar med anna fagkompetanse kan òg søkje.

Dette er ein jobb som passar godt for deg som er glad i å jobbe tett saman med elevane, kan jobbe sjøvstendig og er klar for nye utfordringar.
Vi kan og tilby mentor-ordning for nytilsette.

Dersom du vil bu i bygda, eller i ei av nabobygdene, kan vi hjelpe deg å finne ein plass å bu ved sjø eller fjell.


Ved utveljing vektlegg vi søkjarar som er/har:

• høg relasjonell kompetanse med gode samarbeids- og formidlingsevner
• faglig kompetent, utviklingsorientert og oppdatert på eiga fagfelt
• tydeleg klasseleiar
• positiv, engasjert og høgt motivert
• bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø
• god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Om deg

Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt

Vi tilbyr

Lønn og tilsettingsvilkår
Det blir stilt krav om politiattest ved tilsetting.
Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglement og overeinskomstar.