Ledig vikariat for barne og ungdomsarbeidar i 100 % stilling

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fjaler kommune Fjaler Fulltid

Om stillinga

Vi har ledig vikariat 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar i Yksnebjør barnehage frå oktober 2022 til 09.august 2023. Vi Ynskjer oss søkjarar som set fokus på barna, har engasjement og initiativ og som kan syne empati og gje god omsorg.

Ta gjerne kontakt med oss for å høyre meir om stillinga og arbeidsplassen vår.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til eit godt leike- og læringsmiljø
  • Være ein god, nær og trygg vaksen i samvær med barna.
  • Samarbeid med pedagogar og miljørettleiarar og eksterne samarbeidspartar

Kvalifikasjonskrav

  • Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget. Andre med erfaring frå skule eller barnehage kan og søkje
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk
  • Den som blir tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding

Om deg

  • Du har godt samspel med både barn og vaksne
  • Du ser barna sine behov og skapar gode relasjonar til dei
  • Du er ein trygg vaksen som set tydelege rammer i kvardagen
  • Du evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør

Vi tilbyr

  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
  • Innmelding i pensjonsordning
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer


Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.Skriv ut