Ledig 20% helgastilling som helsefagarbeidar ved Bremanger sjukeheim

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Bremanger kommune Bremanger Deltid

Om stillinga


I Bremanger kommune, for tida ved Bremanger sjukeheim er der ledige ei fast 20% helgastilling frå oktober. Det er i tillegg ledig ei 20% vikar- helgastilling frå same dato.

Vi søkjer medarbeidarar med fagbrev innan helsefag, men andre med erfaring og interesse for faget kan og søkje. Stillingane har fortrinnsvis arbeid kvar 2. helg

Kvardagen hos oss er variert, og du lærer mykje på kort tid. Bremanger sjukeheim har 35 bueiningar, fordelt på 3 avdelingar. Avdelingane er fordelt etter diagnosar og ulike hjelpebehov. Vi har også eit lindrande rom.

Vi arbeider i årsturnus, kor medarbeidarane har anledning til å få innverke på arbeid–og fritida si.

Arbeidsoppgåver

  • Stor breidde i pasientgruppa, både når det gjeld alder og medisinske behov.
  • Heilskapleg omsorg for eldre menneseker
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Moglegheit for å delta i ressursgruppe
  • Dokumentasjon, rettleiing, undervisning m.m

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer etter deg med erfaring frå pleie og omsorg, gjerne ferdig utdanna – eller under utdanning innan helse – og sosialfag.

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeider
  • Like å arbeide i team
  • Vere innstilt på endringar
  • Legge fram politiattest av nyare dato
  • Må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg

Om deg

Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar. For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar.
· Engasjement og fagleg fokus

  • Bidra til å gjere kollegaene dine gode
  • Godt humør, fleksibilitet og løysningsfokus
  • Gode samarbeidsevne
    Personleg eigenskap vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • God pensjonsordning, og heildøgns forsikring
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personlig utvikling
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

Vi kan tilby utfordrande og spanande arbeidsoppgåver i godt arbeidsmiljø ilag med erfarne kollegar.

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegaer! Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!