Lærar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høyanger kommune Høyanger Fulltid
Høyanger kommune Logo

Høyanger kommune

Postboks 159
6991 Høyanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Rektor Hanne Hjelmeland Ørnehaug
92609730

Søknadsfrist

16. oktober 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Kyrkjebø skule har ledig fast 100 % lærarstilling frå snarast.
Skulen er fådelt og har pr dato 5 klassar. Undervisning primært på småskuletrinnet, men opp til og med 7. klasse må påreknast.

Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett.
Grunna stor overvekt av kvinner i personalet, oppmodar vi menn om å søkje.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i Offentleglova.

Kvalifikasjonskrav

Den som blir tilsett må ha godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen.

Om deg

Vi legg vekt på:- God relasjonskompetanse- Positivitet- Fagleg engasjement- Fleksibilitet- Gode samarbeidsevner

God digital kompetanse og erfaring frå klasseleiing er også eit føremon.

Vi tilbyr

- Høve til kompetanseutvikling
- Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar