Helse Førde Hovedbilde

Konsulent - Forsyningsavdelinga

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Helse Førde Sunnfjord Fulltid
Helse Førde Logo

Helse Førde

Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Avdelingssjef Magn Ove Kleppe
(+47) 901 09 200

Søknadsfrist

10. oktober 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Forsyningsavdelinga har ledig 100% stilling som konsulent ved sjukehuset i Førde.
Avdelinga ligg i dag organisatorisk under Økonomi i Stab og Støtte.

Forsyningsavdelinga i Helse Førde HF er lokalisert med lager og personell ved sjukehusa i Førde, Lærdal og på Nordfjordeid. Avdelinga sine oppgåver er å yte støtte til innkjøp, oppbevaring og distribusjon av varer til avdelingane i helseføretaket.

Helseføretaka i Helse Vest har i dag stor fokus på utvikling av forsyningsområde. Sjukehuset i Førde bygger nytt lager til medisinske forbruksmateriellet i ny del av sjukehuset som er under oppføring.

Arbeidsoppgåver

  • Styre dei daglege lageraktivitetane på Forsyning i Førde
  • Vere ein pådrivar for at forbruksutstyr vert skaffa til veie når det oppstår eit behov
  • Ivareta at lagervarene vert oppbevart i rett mengde, pris, kvalitet og rotasjonshastigheit
  • Passe på at varene vert lagra etter dei krav som vert stilt til utstyret
  • Stå som ein pådrivar for at det vert forhandla fram innkjøpsavtaler på viktig forbruksmateriell
  • Vere eit kontaktpunkt ut mot postane og brukarane som nyttar utstyret i helseføretaket

Orientere postane og brukarane i helseføretaket når nye produkt vert levert ut frå lager

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning i logistikk- eller helsefaget
  • Eventuelt lang relevant erfaring frå eit eller begge fagområda
  • Gode IKT- kunnskapar og forståing
  • Må beherske norsk godt både munnleg og skriftleg

Om deg

  • Vedkommande må vere med på å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Vere punktleg og påliteleg
  • Opptre ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • Kunne sjå og utføre gjeremål og løyse oppgåvene målretta og sjølvstendig
  • Personen vi ser etter er nøyaktig, strukturert og god evne til kommunikasjon og samarbeid
  • Sidan Forsyningavdelinga utfører støttetenester for andre avdelingar, er det viktig at vedkommande er utadvent og serviceorientert
  • Må trivast med høgt arbeidstempo
  • God helse og fysikk er nødvendig
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagt

Vi tilbyr

Arbeidstid dagtid vekedagarTriveleg arbeidsmiljø.Utfordrande og variert arbeid.Tverrfagleg samarbeidLøn i samsvar med gjeldande overeinskomstGode pensonsjons- og forsikringsordningsordningar