Helse Førde Hovedbilde

Konsulent - Arkiv og forvaltning

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Helse Førde Sunnfjord Fulltid
Helse Førde Logo

Helse Førde

Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Seksjonsleiar Kari Holvik Furevik
(+47) 970 95 244

Søknadsfrist

9. oktober 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Arkiv og forvaltning har ledig fast stilling som konsulent .

Eininga Arkiv og forvaltning har det overordna ansvaret for drift av saksbehandlingssystemet Elements og utvikling av digital forvaltning. Vi søkjer ny og dyktig medarbeider til oppgåver innan forvaltning og digital dokumentasjonsflyt.

Stillinga er plassert i Seksjon kvalitet og pasienttryggleik som i tillegg har ansvar for kvalitet og forbetringsarbeid, klage, tilsyn og revisjonsarbeid, handtering av uønska hendingar, smittevern og pasienttryggleiksarbeidet i Helse Førde .

Arbeidsoppgåver

  • Daglege oppgåver med dokumenthandsaming
  • Opplæring og rådgjeving til saksbehandlarar i mellom anna bruk av saksbehandlarsystemet Elements
  • Teknisk vedlikehald og vidareutvikling av saksbehandlarsystemet Elements
  • Vidareutvikle rutinar for dokumenthandtering, dokumentflyt og dokumentasjon i Elements
  • Bruke aktuelt regel- og lovverk
  • Andre oppgåver i seksjonen etter behov

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning /erfaring frå offentleg forvaltning og/eller dokumenthandtering
  • Solid IKT-kompetanse/innsikt i Windows og MS Office
  • Erfaring med og god forståing av digitalt saksbehandlarsystem
  • Gjerne erfaring med rettleiing og undervisning
  • Relevant erfaring frå tilsvarande arbeid kan kompensere for manglande utdanning

Om deg

  • Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • Serviceinnstilt og ansvarsmedviten
  • Strukturert og sjølvstendig
  • Trivast med å arbeide i team

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø