Vestland fylkeskommune Hovedbilde

Vil du jobbe med spennande og samfunnsnyttige oppdrag innan IKT sikkerheit?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
IKT sikkerheitsrådgjevar Vestland fylkeskommune Sogndal Fulltid
Vestland fylkeskommune Logo

Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norge
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Anne-Kjersti Stavø Stenehjem
95 72 56 58

Søknadsfrist

16. oktober 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Brenn du for sikkerheit og digitalisering? Er du ein pådrivar for at sikkerheit er integrert med utvikling av digitale tenester? Vil du vere med å vidareutvikle korleis vi jobbar med riskobasert utvikling? Vi søker deg som har erfaring og kompetanse frå arbeid med sikkerheit, risikovurdering og bygging av sikkerheitskultur.

CISO/IKT sikkerheitsrådgjevar jobbar sektorovergripande saman med rådgjevar for beredskap, personvernrådgjevar og personvernombod, og inn mot seksjonane IKT og digitalisering. Som CISO/IKT sikkerheitsrådgjevar vil du få varierte og utfordrande oppgåver, ansvar på ein spanande arbeidsplass og vere med å bygge opp eit nytt sikkerheitsteam i Vestland fylkeskommune.

Stillinga er fast, og er i seksjon sikkerheit og støttetenester, i avdeling for IKT og digitalisering. Seksjonen har ansvar for å legge til rette for kommunikasjon og samhandling internt og eksternt, HR, økonomi, beredskap, personvern og IKT sikkerheit.

Arbeidsoppgåver

  • Rådgjevar i IKT-sikkerheitsspørsmål i linje og prosjekt
  • Gjennomføre og følgje opp tekniske ROS-vurderingar, og etterkvart setje krav til iverksetting av verdivurdering og ROS-analyser
  • Planlegge og gjennomføre aktivitetar knytt til informasjonssikkerheitsområdet. Bygge sikkerheitskultur og bidra til at sikkerheit vert ein integrert del av utviklingsarbeidet og grunndesignet for applikasjonane våre
  • Fortløpande vurdere potensielle sårbarheiter og rapportere til leiinga
  • Bidra i handtering av uønska hendingar og fasilitere IT-beredskapsøvingar
  • Delta i utvikling av nye løysingar og kontinuerleg forbetring av eksisterande løysingar
  • Forvalte og vidareutvikle styringssystemet for informasjonssikkerheit, herunder prosessar og styrande dokumentasjon
  • Sørge for gjennomføring av revisjonar og tekniske sikkerheitstestar
  • Vere med å bygge opp eit nytt sikkerheitsteam i Vestland fylkeskommune
  • Fleire oppgåver i den strategiske satsinga vår innan informasjonssikkerheit vil bli lagt til stillinga etterkvart

Kvalifikasjonskrav

Må krav:

  • Relevant høgare utdanning på masternivå innan IT- og informasjonssikkerheit, IKT, samfunnssikkerheitog/eller tilsvarande. Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
  • Arbeidserfaring innan IKT sikkerheit
  • God kjennskap til informasjonssikring og personvern

Ønska kvalifikasjonar:

  • Kjennskap til CISSP, ISO 27001, CISA eller tilsvarande
  • Kjennskap til TOGAF og ITIL
  • Vere fagleg oppdatert på trusselbilete og trendar innan IT-sikkerheit

Om deg

  • Du trivast med samarbeid på tvers av fagområde, etablerer gode relasjonar og tillit i ulike fagmiljø og
    på ulike nivå i organisasjonen
  • Held deg fagleg oppdatert og deler av eigen kompetanse for å bidra til utvikling av fagmiljøet
  • Har evne til å motivere og inspirere medarbeidarar for å kunne bygge eit samhandlande miljø rundtdeg Jobbar sjølvstendig
  • Løysings- og resultatorientert
  • Strukturert og analytisk med stor gjennomføringsevne
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Du trivast med å kommunisere jamnleg med ulikenivå i organisasjonen, og er flink til å synleggjere arbeidet ditt.

Vi tilbyr

  • Stillingsnemning spesialkonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Faglege utfordringar og stimulerande arbeidsmiljø

Andre opplysningar:

Arbeidsstad Leikanger.

Litt reiseaktivitet må påreknast, men det daglege samarbeidet vil vere i digitale møterom.

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak fråoffentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort.