Vestland fylkeskommune Hovedbilde

IKT rådgjevar

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Jobbe med sikkerheitsløysingar i eit stort driftsmiljø? Vestland fylkeskommune Sogndal Fulltid
Vestland fylkeskommune Logo

Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norge
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Espen Storetvedt
930 92 559

Søknadsfrist

10. oktober 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Som IKT rådgjevar vil du jobbe mykje med brannmur/ruting/switching/trådlaust og sikkerheitsløysingar generelt (primært Cisco-produkt). I tillegg vil det vere planlegging av nye løysingar som har eit grensesnitt inn mot seksjon digitalisering og andre fagavdelingar.

Seksjon IKT har ansvar for lokal IKT-drift av dei fleste IKT-system som vert nytta i Vestland fylkesommune, samt infrastruktur som knyter saman alle lokasjonane. Det er meir enn 150 ulike IKT system og brukarar spreidd på fleire titals lokasjonar i fylket. Vestland fylkeskommune har ansvar for meir enn 200 ulike lokasjonar spreidd over heile fylket (skular, tannklinikkar, administrasjonsbygg mm.) Vi leverer nettverkstenester til meir enn 20 000 elevar og 6000 tilsette.

Seksjon IKT handterar all nettverksinfrastruktur, og sikrar at dette til ei kvar tid har riktig kapasitet, oppetid og teknisk sikring, i tillegg til at vi understøttar brukarane og fylkeskommunen sitt behov. Seksjonen har totalt 80 medarbeidarar i tillegg til IKT-lærlingar, og er organisert i fire faggrupper; service, tenesteleveranse, systemdrift og kjernedrift. IKT kjernedrift leverer tenester til heile Vestland fylkeskommune. Vi nyttar både on-prem og skytenester med høge krav til oppetid og sikkerheit.

Arbeidsoppgåver

  • Drift, forvaltning og vidareutvikling av sentral nettverksinfrastruktur i Vestland fylkeskommune
  • Delta i arbeidet med informasjonssikkerheit/sikkerheitsløysingar/brannmur
  • Bidra med etablering, drift og vedlikehald av nettverksovervakingsløysingar
  • Sikre at brukarane har ein stabil og føreseieleg IKT-kvardag
  • Delta i aktuelle fagteam og prosjektgrupper
  • Bidra aktivt i den strategiske utviklinga av fagområda og faggruppa

Kvalifikasjonskrav

  • Minimum bachelor/ingeniør innan IKT/informatikk, men relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav
  • Erfaring frå drift og forvaltning av brannmur og andre sikkerheitsløysingar
  • Fordel med god kjennskap til Cisco portefølga eller tilsvarande
  • Fordel med skykompetanse innanfor nettverk
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Om deg

  • Serviceinnstilt med fokus på brukarbehov og brukartilfredsheit
  • Positiv innstilling, flink til å kommunisere og flink i dialogen med menneske
  • Vilje til kontinuerleg fagleg oppdatering og fornying
  • Proaktiv, løysingsorientert og oppteken av å få jobben gjort til rett tid
  • Gode samarbeidseigenskaper og ynskje om å understøtte ein delingskultur

Vi tilbyr

  • Du vil få fagleg utvikling og varierte oppgåver, og vere del av eit kompetent og fagleg miljø som har fokus på å levere gode tenester til innbyggarane og tilsette i Vestland fylkeskommune
  • Vi er opptekne av at vi skal trivast på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement
  • Stillingsnemning rådgjevar/seniorrådgjevar/ingeniør/spesialkonsulent etter kvalifikasjonar og erfaring
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid


Andre opplysningar:

  • Administrasjonsmålet er nynorsk
  • Du må rekne med litt reiseaktivitet, men det daglege samarbeidet vil vere i digitale møterom
  • Kontorstad Leikanger/Bergen
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort